Rundt 20 deltakarar hadde ein interresant og lærerik kveld, og var einige i at dette var noko som gjerne kunne lærast meir om.
Det var ein teoridel og ein praksisdel, og Kjersem nytta
rundpadocken i hallen og ein forholdsvis lite trent ung fjordhest for å vise i praksis det han snakka om.
Målet med denne form for trening er at hesten sjølv velger
å ville vere ilag med deg og sjå på deg som sin leiar.
Treningsmetoden er velkjent og heiter "join-up", og Kjersem nyttar den i sitt daglege arbeid med temjing og trening av unghestar.