Haust-tur til Liasetra

Her er Nils komt i Furlia med andre lasten sin. Den siste hesten køyrer han inn til Brauta mens vi rir dit. Da kjem vi omtrent samtidig.

Jentene nyttar paddocken for å gjere klar hestane til turen.

Oddmund selar på Rosa som skal drage vogn.

Da kom siste hesten og Anette til Brauta, så kan vi fortsette turen...

...og vi andre er også klare... Sjå det nydelege veret da dokke, kunne ikkje vore betre...

Her er vi på Liasetra, har funne oss ein plass å sete og berre nyt tilværelsen.

Oddmund har alltid med seg noko godt på tur... dette blir spennande!

Jau da, maten var god den, og Lone hadde sørga for at ingen skulle svelte eller tørste.

Augusta står så fint og kviler mens Lone fotograferer litt.

Søndag 14. oktober
var vi på fellestur til Liasetra.

Veret var fint, sol og litt kjølig.
Det var fem hestar frå Stall Nedrevoll på Vatne, to hestar frå Furlistallen og to hestar frå Stall Barlindhaug i Solnørdalen.
 Nils stilte opp som alltid, og køyrde desse fem hestane frå stallen sin både til og frå turstaden, det vart faktisk seks turar totalt.

Seks hestar starta frå Furlia, der vi skritta ein halvtimes tid innover til Brauta i Solnørdalen. Denne vegen er nyleg asfaltert, noko som gjer at vi har mista ein grusveg som var flott til å ri og køyre med hest på. (Bilistane er sjølvsagt godt fornøgd).

På Brauta venta vi på Nils som kom med siste hesten og ryttaren, pluss Lone og Siv som kom ridande frå Stall Barlindhaug.
Så drog vi innover til Liasetra der vi "parkerte" hestane og fyrte opp grillen. Hestane fekk kvile medan dei åt litt medbrakt høy og litt grastustar.
Vi grilla og åt, og var straks klar til å dra videre.
 
Vi delte oss i grupper alt etter kor langt vi ville ri oppover mot Ørskogfjellet. Oddmund som køyrde med vogn snudde ved bommen, vegen videre er ikkje eigna for vogn, den er noko ujamn og steinete.
Nokre jenter snudde etter kort tid for å møte Nils som kom for å hente første last.
Vi i siste gruppa rei eit godt stykke oppover fjellet, det var veldig fint å sjå utover vatna og fjella og dei nydelege haustfargane.
Når steinane vart litt glatte av frost, og vinden vart litt kald imot, snudde også vi og begynte på heimturen. Vi var til slutt tre igjen som skritta tilbake til Furlia.
Ein flott tur synes eg i alle fall, det er spesielt fint å ri på fjellet om hausten.

Tekst: Hildegunn
Foto: Lone og Hildegunn



Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

09.06 | 10:39

Hei :)
sjå meir info om Stall Bjørstad her http://www.stallbjorstad.no/

mvh
Lone

...
07.06 | 15:14

Hei

Arrangerer dere rideturer? Dagsturer?

...
25.08 | 08:51

Fine bilder - GRATULERER så mye med 2.plassen!

...
27.08 | 17:38

Neste sommar vil vi gjerne ha med fleire, der er god plass!

...
Du liker denne siden