Vatne Travpark

Nok ein fineversdag på travbana, og godt med folk.

Desse ekvipasjane kom frå Vigra for å vere med i paraden. Ein kaldblods som dreg den stilige vogna.

Og ein dølahest og ein frieser med ryttarar.

Delar av ponnigruppa som held på å gjere seg klar for parade og ponniløp.

Islandshestforeninga stilte med mange fine hestar i paraden.

Frieser

Ein flott araber var med i paraden. Den var litt skeptisk til oppstusset, men det var kjekt å sjå på den elegante hesten med dei kvikke bevegelsane.

Her er starten på fjordhestløpet. Fire hestar, fra høgre på bildet Gro med Stasmay, Hanne med Maximus, Oddmund med Mirabella og Anette med Terne Rosa.

Her kjem dei inn mot mål, og resultatet vart som bildet viser Maximus nr. 1, Mirabella nr. 2, Rosa nr. 3 og Stasmay nr. 4.

Kjekt at Anette ville køyre Rosa i løpet. Det var første løp for Rosa, og det såg ut som ho syns dette var moro.

Her er vinnaren Maximus på sermoniplass. Flott innsats!

Oppvisning av Baldur med islandshest. Han viser handhestriding.


Hestens dag
 
vart også i år eit vellukka arrangement,
etter mykje arbeid med planlegging og godt forarbeid.

Det heile starta med ei flott hesteparade, der mange forskjellige rasar vart vist. Dei vart godt presentert og omtalt av Petter Inge Bergheim.

Etter det vart det fortløpande utført ponniløp, fjordhestløp og passløp for islandshest.
 
Det var oppvisning av dressur med fjordhesten Maximus frå Stall Nedrevold, og handhestriding av Baldur Gardarsson med islandshest.

Barneridinga var veldig populær, dei fekk både ri og køyre med vogn og det var stor stas.

Damene som stod for kiosksalget hadde fullt opp å gjere, og det viser at der var mykje folk.

Fjordhestlaget takkar for godt samarbeid til alle som bidrog!!!



Foto: Tove Asbjørnsen og Hildegunn Sjåstad


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

09.06 | 10:39

Hei :)
sjå meir info om Stall Bjørstad her http://www.stallbjorstad.no/

mvh
Lone

...
07.06 | 15:14

Hei

Arrangerer dere rideturer? Dagsturer?

...
25.08 | 08:51

Fine bilder - GRATULERER så mye med 2.plassen!

...
27.08 | 17:38

Neste sommar vil vi gjerne ha med fleire, der er god plass!

...
Du liker denne siden