Gruve-blues på Sjøholt

Starten på stien opp til gruvene

Teamwork! Blueskarane hjalp til med å laste kløven på hestane. Her er Kjersti og Tresfjordingen som er tungt lasta med bl.a forsterkar og keyboard, ein last som var godt over 100 kg!

Vegen opp var bratt og utfordrande både for folk og hest. Kjersti med Tresfjordingen og Sitka med Terne Fin slit seg opp.

Odd sin Elias er 18 år og imponerte stort med sin styrke og evna til å halde seg kald og rolig i alle situasjonar. Her med bl. a aggregat og forsterkar til konserten.

Bratte bakkar hindra ikkje Geir Ola og nordlandshesten Håvard, som viste seg å vere ein arbeidsglad og ivrig liten hest.

Straks komt opp første kneika! Kjersti med Tresfjordingen og Lone bak.

Ein pust i bakken før siste og brattaste delen.

Når andre gikk heim måtte hestane jobbe videre. Utstyret skal nedatt også og Elias ber tungt. Å få til lik vekt på begge sider var ei utfordring, så her måtte det kreativitet til!

Håvard tek oppgava seriøst og viser kor sterk og stødig han er!

Mykje folk tok turen opp i gruvene på konsert.

Fin utsikt over ørskogbygda fra konsertplassen.

Kløvhestar på Gruve-blues

Torsdag 31.mai-12 var det Gruve-blues i dei gamle malmgruvene i Liafjellet på Sjøholt.

Anledninga var Ørskog Bluesfest sitt opningsarrangement, der ein ville gjere noko nytt og spennande.
Vi i fjordhestlaget blei spurt i vinter om det var aktuelt for oss å stille med kløvhestar, då det er så bratt opp at det ikkje er mulig å bere opp utstyret for folk. Vi var først litt i tvil om det lot seg gjere, men etter fleire diskusjonar med Blueskaptein Jo Even Tomren som kalte prosjektet " spektakulert og fullstendig galskap", ja då tente vi på ideen!

Etter hundrevis av dugnadstimar utført av frivillige i bydga, var stien opp rydda sopass at den var framkommeleg. Fire dyktige kløvhestar kom, og vi fikk  utstyret opp, og nedatt etter konserten.
Til sammen måtte hestane gå tre gongar opp og ned. Hestane og førarane viste ein stor prestasjon, alt gjekk fint føre seg og ingenting av utstyr kom til skade.
Mykje folk tok turen på konserten, omlag 450  var der som publikum. Mange stoppa opp for å sjå på dei dyktige hestane arbeide, og fleire uttrykte si begeistring for dei flotte og sterke dyra.

 Alt i alt eit svært vellykka arrangement som vi er stolte av å vere ein del av!

 Dei som stilte med hest var Odd Velle fra Sykkylven, Kjersti Vik og Sitka Gresdal fra Tresfjord og Geir Ola Vatne fra Glomset.

Tekst og Foto: Lone Barlindhaug.

Sjå også reportasjar:

 http://www.smp.no/kultur/article468731.ece
 
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.8170554


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

09.06 | 10:39

Hei :)
sjå meir info om Stall Bjørstad her http://www.stallbjorstad.no/

mvh
Lone

...
07.06 | 15:14

Hei

Arrangerer dere rideturer? Dagsturer?

...
25.08 | 08:51

Fine bilder - GRATULERER så mye med 2.plassen!

...
27.08 | 17:38

Neste sommar vil vi gjerne ha med fleire, der er god plass!

...
Du liker denne siden