Referat årsmøte  2018

Nordre Sunnmøre Fjordhestlag

Stall Bjørstad i Valldalen   

Torsdag 22.mars 2018 kl 19.

Sakliste:

1.       Godkjenning av innkalling og sakliste

2.       Val av møteleiar og skrivar

3.       Val av to til å skrive under møteboka

4.       Årsmelding

5.       Rekneskap

6.       Val

7.       Kontingent

8.       Innkomne saker

 

  -Medlemsmøte etter årsmøtet.     

     

1.   Innkalling og sakliste godkjent utan kommentarar.

2. Val av møteleiar Oddmund Urke og skrivar Lone Barlindhaug.

3. Val av to til å skrive under møteboka Torfinn Haaheim og Roger Gudmedstad

4. Gjennomgang av årsmelding. Vi veit at det har vore meir aktivitet i laget enn det som er skrive i årsmeldinga. Leiar etterlyser meir info frå dei som har deltatt på konkuransar mm slik at vi får det med. Heimesida treng også meir stoff så medlemmane må bli flinkare til å sende inn slik vi kan oppretthalde ei aktiv og interessant side.  

 

  5. Rekneskap

Behaldning 31.12.2017 var kr 56 459

Utgifter:

-           Kr 600 kontingent Norges Fjordhestlag

-        Kr 1000 kontingent Møre og Romsdal FHL  

-           Kr 1 i gebyr

Inntekter:

-            kr 2950 i medlemskontingentar

-           Kreditrente kr 55

   

6. Val av nytt styre med varamedlemmar og aktivitetsgruppa

Leiar: Oddmund Urke

Nestleiar: Nils Nedrevold

Sekretær: Lone Barlindhaug

Kasserar: Lone Barlindhaug

Styremedlem: Kristin Sandnes

 

Varamedlem: Emma Sjöström

Varamedlem: Roger Gudmestad

Varamedlem: Mathilde Knutsen Uri

 

Aktivitetsgruppa: Leiar Kristin Sandsnes, Emma Sjöström, Nils Nedrevold, Mathilde K. Uri og Lone Barlindhaug.


7. Kontingent

Kontingenten blir som i før; kr 250 for enkeltmedlem og kr 300 for familiemedlemskap.

  8.  Innkomne saker

Ingen saker komt inn.

Medlemsmøte

Medlemsmøtet blei brukt til å diskutere helga 15-17.juni der vi har planlagt å leige inn instruktør Martin Kjønsberg til å undervise oss i brukskøyring med skog- og jordbruksreiskap. Vi har fått 10 000kr i frifondsmidlar fra NFL som vi kan bruke til eit kurs/ arrangement som fremjer fjordhesten og er barne- og familievennleg. Vi planlegg to dagar med køyring for medlemmar og ein dag som er åpen for alle med barneriding, køyring, oppvisning av fjordhest og grilling på Stall Bjørstad. Medlemmane tenker over kva dei kan bidra med fram til neste planleggingsmøte 7.mai kl 19 på Stall Bjørstad.

     

Ørskog 04.04.2018    

Lone Barlindhaug

 sekretær.



Årsmelding 2017

Nordre Sunnmøre Fjordhestlag

 

Nordre S. FHL heldt sitt årsmøte ved Stall Bjørstad hos Kristin G. Sandnes i Valldal onsdag 30. mars 2017 kl. 19:00.

 

Styret si samansetting i meldingsåret:

Leiar:                Oddmund Urke, 1 år, gjenvald

Nestleiar:          Nils Nedrevold, 2 år, nyvald

Sekretær:          Lone Barlindhaug, 2 år, nyvald

Kasserar:          Lone Barlindhaug, ikkje på val

Styremedlem:   Kristin G. Sandnes, ikkje på val

Varamedlem:    Torfinn Håheim, 1 år, nyvald

                         Roger Gudmestad, 1 år, gjenvald

                         Tove Asbjørnsen, 1 år, gjenvald

Aktivitetsnemd.: Kristin (leiar), Emma, Nils, Torfinn og Lone.

 

Det har ikkje vore styremøte i lokallaget i 2017, dels pga store avstandar og vanskar med å samle folk. Kontakt er halde via tlf eller i andre samanhengar. Vi var 4 medlemmar som møtte på Gjermundnes under årsmøte i Møre og Romsdal Fjordhestlag. For andre året på rad var vi det laget med flest møtande medlemmar. Leiar er fortsatt med i styret for fylkeslaget. Leiar var også vald  som utsending frå fylkeslaget til årsmøtet i Norges Fjordhestlag.

Utsillingssesongen: Berre éin fjordhest var stilt frå laget vårt i 2017. Det var 1 års- hoppa Sæthres Lilja, som var stilt i Isfjorden 21. mai.

Ho vart nr. 1 i kvalitet, sløyfe og ekstrasløyfe,  beste fjordhest på utstillinga uansett klasse, og ho vart også fylkets beste 1 års-hoppe. Eigar Oddmund Urke. Han fekk premie for beste mønstrar.

På same utstilling stilte Nils Nedrevold 1 års traverhoppa Haug Stjerna, ho fekk velfortjent sløyfe.

I mai vart Oddmund kontakta av leiar i travlaget, Arild Vadset, og beden om å skrive eit innspel til Haram kommune angåande endring av reguleringsplan nord for travbana, der det er søkt om å få etablere eit motorsportsenter for 4-hjulingar og motorsyklar. Brevet vart sendt 24. mai.

Kristi Himmelfartsdag var Nils og Oddmund på møte i travlaget, som hadde besøk av tre representantar frå Midtnorge Travforbund. Dei skulle sjå på anlegget og tildele banetilskudd.

I juni var Nils med fjordhesthoppa Haug May på køyreoppdrag på travbana, i høve Lions i regionen sitt arrangement retta spesielt mot menneske med bistandsbehov.

Hestens dag vart avlyst. Det vart heller ikkje arrangert travløp i medlemsåret.

Litt dugnadar har det vore, der spesielt Roger og Nils har vore aktivt med, Oddmund har også bidratt litt.

Det årlege adventsarrangementet  på travbana vart arrangert, og mange forventningsfulle born og vaksne var på plass. Nils og Haug May med vogn møtte som vanleg opp til stor glede for alle.

Kristin køyrde med hest og vogn i høve julegrantenning i Valldal.

Andre arrangement eller konkurransar har eg ikkje fått melding om. Eg veit at det kunne vore meir å skrive om i årsmeldinga, men då meinar eg at medlemmane må  ta initiativ og gje beskjed, slik at ein får ta det med.

Heimesida har i skrivande stund over 257 000 treff, det er utruleg bra, men fortsatt kjem det inn for lite stoff.

Laget har etter søknad til Norges Fjordhestlag fått tildelt frifondsmidlar. Vi søkte om kr 5000 og fekk kr 10000. Etter møte med aktivitetsgruppa og leiar hos Kristin i Valldal er det tenkt å leie inn Martin Kjønsberg for å halde kurs i bruk av gamle hestereiskapar. Barna vert prioritert laurdag og søndag med aktivitetar som strigling, leiing, riding, køyring med vogn m.m. Endeleg opplegg vert bestemt seinare.

Skodje

19. mars 2018

 

Oddmund Urke

leiar



Referat årsmøte  2017

Nordre Sunnmøre Fjordhestlag

Stall Bjørstad i Valldalen   

Onsdag 30.03.17  kl 19.

Sakliste:

1.      Godkjenning av innkalling og sakliste

2.      Val av møteleiar og skrivar

3.      Val av to til å skrive under møteboka

4.      Årsmelding

5.      Rekneskap

6.      Val

7.      Kontingent

8.      Innkomne saker

 

 

-Medlemsmøte etter årsmøtet.     

 

 

1.   Innkalling og sakliste godkjent utan kommentarar.

2. Val av møteleiar Oddmund Urke og skrivar Lone Barlindhaug.

3. Val av to til å skrive under møteboka Torfinn Haaheim og Roger Gudmedstad

4. Gjennomgang av årsmelding med ei tilføying; Emma Sjöström deltok på Fjordhest NM 2016 med hesten Lucas. Dette kom ikkje med i årsmeldinga. Vi vart samde om at også ho burde få sponsa kr 500  slik dei to andre som deltok.

  5. Rekneskap

Behaldning 31.12.2016 var kr 55 054

Utgifter i 2016:

-          Kr 600 kontingent Norges Fjordhestlag

-          Kr 1000 kontingent Møre og Romsdal FHL

-          Kr 1000 sponsing NM på Førde

-          Kr 500 sponsing til jubileumsutstillinga på Stord

-          Kr 500 sponsing til Hanne Brunvoll til Fjordhest NM

-          Kr 500 sponsing Evelyn Brunvoll til Fjordhest NM

-          Kr 15 i gebyr

Inntekter:

-          10 enkeltmedlemskap  kr 250 og fire familiemedlemskap à kr 300, tilsaman kr 3700.

-          Kreditrente kr 15

  6. Val av nytt styre med   varamedlemmar og aktivitetsgruppe

Leiar: Oddmund Urke

Nestleiar: Nils Nedrevold

Sekretær: Lone Barlindhaug

Kasserar: Lone Barlindhaug

Styremedlem: Kristin Sandnes

 

Varamedlem: Roger Gudmestad

Varamedlem: Tove Asbjørnsen

Varamedlem: Torfinn Haaheim

 

Aktivitetsgruppe: Leiar Kristin Sandsnes, Emma Sjöström, Nils Nedrevold, Torfinn Haaheim  og Lone Barlindhaug.


7. Kontingent

Kontingenten blir som i fjor; kr 250 for enkeltmedlem og kr 300 for familiemedlemskap.

  8.  Innkomne saker

Ingen saker komt inn.

 

 

Medlemsmøte

1. Aktivitet

Er det interesse for å få til kurs av noko slag? Aktivitetsgruppa vil gjerne vite kva medlemmane ønskjer seg av aktivitetar. Haustturen blei ikkje noko av i fjor, men kan settast opp til hausten igjen om det er ønskeleg. Kristin er ny leiar i aktivitetsgruppa og hos henne  på Stall Bjørstad er det fint å halde til med kurs både inne og ute. Eit forlag var å lage til fjordhestens dag med køyreoppvisning og barneriding.

 

2. Medlemsmøte

Eit forslag var å halde eit medlemsmøte på travparken på Vatne der vi får informasjon om kva som er status der. Vi har ikkje vore involvert i aktivitetar der på ei stund og veit lite om kva som skjer vidare.  

3. Vi vart enige om å ikkje sponse enkeltmedlemmar til Fjorhest NM i år. Emma får kr 500 for deltakelsen i fjor som vi dessverre ikkje var klar over då.

4. Heimesida er fortsatt svært godt besøkt, men vi saknar fleire bidrag frå medlemmane for at den skal bli levande og interessant. Send gjerne inn bilder frå kvardagen med fjordhesten din!

 

Og til slutt, snakk positivt om hesten og hestefolket. Vi vil at fleire skal sjå kor kjekt og allsidig det er å drive med hest.

                                         

                                                FRAMSNAKK FJORDHESTEN J

 

 

Roger Gudmestad                                                                  

Torfinn Haaheim

Referent,  Ørskog 04.04.2017    

Lone Barlindhaug, sekretær.




Årsmelding 2016

Nordre Sunnmøre Fjordhestlag

 

Laget heldt årsmøte 9. mars 2016, i møterommet på stallen til Kristin G. Sandnes i Valldal.

 

Det nye styret :

Leiar:                Oddmund Urke, 1 år, gjenval

Nestleiar:          Torfinn Haaheim, 2 år, gjenval

Sekretær:          Lone Barlindhaug, 2 år, gjenval

Kasserar:          Lone Barlindhaug, ikkje på val

Styremedlem:   Kristin G. Sandnes, ikkje på val

Varamedlem:    Roger Gudmestad, 1 år, nyvald

                         Tove Asbjørnsen, 1 år, gjenval

                         Nils Nedrevold, 1 år, gjenval

Aktivitetsnemd.: Torfinn (leiar), Kristin, Emma, Nils og Lone.

 

Vi har hatt to styremøter i 2016, ellers ein del kontakt via mobil. I tillegg to møter innkalla av travlaget der deler av styret har møtt.

 

På årsmøte i Møre og Romsdal FHL var vi det laget med flest oppmøtte representantar.

Ingen unghestar frå laget vart stilt på unghestskua i fylket i meldingsåret. Det er vel litt trist.

Vi ga økonomisk støtte på kr 1000,-  i forbindelse med NM i Førde. Der deltok søstrene Hanne og Evelyn Brunvoll og dei fekk kr 500,- kvar i støtte frå laget vårt. Sjølv om dei berre kunne bruke Liaguten fordi Maksimus vart skada før NM, gjorde dei ein kjempefin innsats. Gratulerer!

Vi ga også kr 500,- i støtte til jubileumsutstillinga på Stord.

Så langt eg veit vart berre éi hoppe ført til hingst i 2016. Det var Tora Lilja til Lauvprinsen, som var i Sykkylven. Det var heller ikkje fødd fjordhestføl i laget dette året.

På kombinertutstilling i Fræna 20. august stilte Tora Lilja i klasse 6 hopper 4 og 5 år. Ho fekk 2. premie, nr 3 i kvalitet og hadde ei god køyreprøve til 43 poeng.

Hoppa er eigd av Oddmund Urke og Hildegunn Sjåstad.

 

Kristin hadde eit fint køyreoppdrag som vart vist på tv i høve den profilerte Nikka i Valldalen sin 100 års bursdag.

Ellers har det ikkje vore travløp på travbana i 2016.

Nils har vore med å køyre Haug Maya med vogn på eit arrangement i regi av Lions der menneske med bistandsbehov var målgruppa.

Nils og Haug Maya var også med på Hestens Dag, og den årlege juletilstellinga.

Mange av laget sine medlemmar deltok på kurs/ temakveld i mai som Kristin arrangerte der Bjørn Kjersem var innleid som instruktør. Temaet var leiarskap.

Den årvisse haustturen vår vart det dessverre ikkje noko av. Skal vi ta tak i det?

Heimesida vår tikkar og går, og er godt besøkt, vi får mykje skryt av den. 229 000 treff passert ved årsskifte. I skrivande stund har vi passert 234 000 treff. På grunn av manglande respons frå medlemmane er vi nødt til å stille spørsmålet: Skal vi legge ned heimesida vår? Det vil bli eit tap for laget.

 

Skodje

26. mars 2017

 

Oddmund Urke

leiar



Referat årsmøte  2016

Nordre Sunnmøre Fjordhestlag

Stall Bjørstad i Valldalen  

Onsdag 09.03.16  kl 18.

 

Sakliste:

1.      Godkjenning av innkalling og sakliste

2.      Val av møteleiar og skrivar

3.      Val av to til å skrive under møteboka

4.      Årsmelding

5.      Rekneskap

6.      Val

7.      Kontingent

8.      Innkomne saker

  

-Medlemsmøte etter årsmøtet.    

 

1.  Innkalling og sakliste godkjent utan kommentarar.

2. Val av møteleiar Oddmund Urke og skrivar Lone Barlindhaug.

3. Val av to til å skrive under møteboka Kristin Sandnes og Emma Sjöström

4. Gjennomgang av årsmelding med to tilføyingar;

  - Det står at vi ikkje hadde styremøte i 2015, men det var et styremøte 15.april angåande den nye avlsplanen.

- Under aktivitetar må vi føye til at Kristin og Emma frå Stall Bjørstad deltok på Midtsommardagen i Norddal der dei køyrde to-spann. Dei køyrde også i to bryllaup med to- spannet.

5. Rekneskap   

Behaldning 31.12.2015 var kr 56. 414.

Utgifter i 2015:

-          Kr 3.802 til Oddmund for utlegg på heimesida sidan oppstart i 2011.

-          Kr 300 for porto medlemsgiroer, samt kaffimat til årsmøtet

-          Kr 1000 kontingent til Møre og Romsdal Fjordhestlag

-          Kr 500 kontingent til Norges Fjordhestlag

-          Kr 15 i gebyr

Inntekter som kom inn var frå medlemskontingent. 10 enkeltmedlemmar og eit familiemedlemskap betalte inn i løpet 2015.

 6. Val av nytt styre med  varamedlemmar og aktivitetsgruppe

Leiar: Oddmund Urke

Nestleiar: Torfinn Haaheim

Sekretær: Lone Barlindhaug

Kasserar: Lone Barlindhaug

Styremedlem: Kristin Sandnes

Styremedlem: Emma Sjöström

 

Varamedlem: Roger Gudmestad

Varamedlem: Tove Asbjørnsen

Varamedlem: Nils Nedrevold

 

Aktivitetsgruppe: Leiar Torfinn Haaheim,  Kristin Sandsnes, Emma Sjöström, Nils Nedrevold og Lone Barlindhaug.

 7. Kontingent

Kontingenten blir som i fjor; kr 250 for enkeltmedlem og kr 300 for familiemedlemskap.

8.  Innkomne saker

Ingen saker komt inn.

 

 

Medlemsmøte

 1. Kurs

Er det interesse for å få til kurs av noko slag? Aktivitetsgruppa vil gjerne vite kva medlemmane ønskjer seg av aktivitetar. Forslag som kom inn er køyrekurs, gymkhana-leikar, fjordhest skeid med brukskøyring og/eller bruksriding. Det vart diskutert å ha ein jord-/skogshest dag på Stall Bjørstad der ein kan få prøve seg med gamle reiskap. Oddmund veit om en passande instruktør og vil kontakte han for eit tilbod. Kom gjerne med fleire idear til aktivitetsgruppa!

 

2. NM i Fjordhest på Førde

Vi vil i år gi ei symbolsk støtte på kr 500 til dei medlemmane i laget som stiller til Fjordhest NM. Vi veit om et par stykker som har kvalifisert seg. Lone tar ei ringerunde og finn ut av kven som kjem til å melde seg på. Det er ikkje nok å vere kvalifisert, ein må stille for å bli støtta av laget. Dette for å vise at vi set pris på våre medlemmar som trenar hardt og stiller til NM! Vi vil vurdere for kvart år om laget har anledning til å sponse våre utøvarar. Vi har også støtta sjølve arrangementet Fjordhest NM i år med kr 1000.

 

3. Spørsmål om maratonbana på Vatne Travpark som vi har vore med å planlegge                       – framgang? Foreløpig ingen endring i saka. Dette er eit stort prosjekt som krev godt samarbeid og planlegging. Om /når vi skal vere med vidare vil vi ha ein skriftleg avtale om arbeidet og framdrifta. Det fordrar at bana skal kunne brukast til fleire formål og ikkje låsast til ein type sport eller hesterase. Skal vi bruke meir tid på dugnadar skal vi også ha rett til å bruke anlegget.

 

4. Nils har vore på kurs i varmeregulering av hest og fortel litt om klipping, dekkenbruk og fôring.

5. Vi var ikkje med på noko arrangement som Hesten dag i fjor. Kan vi få til noko på eiga hand i år? En dag med framvisning av diverse hestesportar og bruksområder? Barneriding og køyring for publikum?  Dette må vi tenke på!

Og til slutt, snakk positivt om hesten og hestefolket. Vi vil at fleire skal sjå kor kjekt og allsidig det er å drive med hest.

                                         

FRAMSNAKK FJORDHESTEN J

 

Emma Sjöström                              

Kristin G. Sandnes

Referent,  Ørskog 10.03.2016     

Lone Barlindhaug, sekretær.



Referat årsmøte 2015

Klubbhuset på Travparken,

mandag 23. mars 2015.



Sakliste:

  • Godkjenning av innkalling og sakliste

  • Val av møteleiar og skrivar

  • Val av to til å skrive under møteboka

  • Årsmelding

  • Rekneskap

  • Val

  • Kontingent

  • Innkomne saker


Medlemsmøte etter årsmøtet.


1. Innkallinga og saklista godkjent.

2. Val av møteleiar; Oddmund Urke og skrivar; Lone Barlindhaug.

3. To til å skrive under møteboka; Nils Nedrevold og Torfinn Haaheim

4. Årsmelding godkjent.

5. Rekneskap godkjent. Behaldning 31.12.2014 var kr 59.367. Utgifter i 2014 var kr 500 som støtte til Team Birgitte Reitan og fjordingen Sno i VM for funksjonshemmede. Pengane blei brukt til å kjøpe to dekken og dekke reiseutgifter til Team Birgitte og Sno. Kr 300 gikk til porto til medlemskontigent, + kaffi og noko å bite i på årsmøtet. Inntekter er kontingent frå medlemmar.

6. Val

Leiar; Oddmund Urke gjenvalgt for 1 år.

Nestleiar; Torfinn Haaheim, ikkje på val

Sekretær; Lone Barlindhaug, ikkje på val

Kasserar; Lone Barlindhaug, gjenvalgt for 1 år

Styremedlem; Kristin G. Sandnes, gjenvalgt for 1 år

Varamedlemmer; Gro Devold, gjenvalgt for 1 år

Tove Asbjørnsen; gjenvalgt for 1 år.

Nils Nedrevold; gjenvalgt for 1 år.


Aktivitetsansvarlig; Torfinn Haaheim. Med seg aktivitetsgruppa har han Kristin G. Sandnes, Lone Barlindhaug, Nils Nedrevold og Gro Devold.

7. Kontingent.

Kontigenten aukar litt fra i år av. Hovedmedlem kr 250 og familemedlemskap kr 300.

Giro vil bli sendt ut snart. Vi oppfordrar medlemmane til verve fleire medlemmar til laget.

På heimesida er det lagt innmelding på framsida slik at det er enkelt for nye medlemmar å melde seg inn.

8. Innkomne saker, ingen saker er komt inn.

Oddmund har vore på årsmøte i fylkeslaget Møre og Romsdal Fjordhestlag på Gjermundnes i år.

Heimesida er mykje besøkt og den har over 166 000 treff! Redaktør Hildegunn sørga for ei flott side med mykje fine bilder og info, men vi treng meir stoff for å kunne halde sida oppdatert. Vi oppfordar alle til å sende inn bilder frå hestane og medlemmane i laget.



MEDLEMSMØTE


Det er lagt ned en betydelig dugnadsinnsats for å få i stand oppselingsboksane som er snart ferdige, men det gjenstår fortsatt noko arbeid og vi håper våre medlemmar kan vere med på dugnad for å få dette ferdig. Laget skal disponere ei boks til å sette inn ei vogn vi kan bruke. Det blir lettare å halde kurs og andre aktiviteter med hest no når der blir en plass å sette frå seg hestane. Torfinn er i kontakt med Eivind Davik om køyrekurs, og vi håper å få til dette i løpet av våren. Det vi hadde planlagt forrige haust blei utsett på grunn av smittsam hestesjukdom i området.

Rommet til laget på klubbhuset treng også ei opprydding. Planen er at det det skal vere et rom der en kan overnatte og slappe av når det er kurs og liknande. Avtalen er at travlaget også kan bruke rommet om dei har behov for overnattingsplass når det er travløp.

Vi har endra litt på aktivitetsgruppa og det er no fleire som er med i gruppa. Vi håper mange vil bli med på kurs og aktivtetar framover, og aktivitetsgruppa vil gjerne ha forslag på kva folk vil vere med på.

Vi håper å få til eige fjordhestløp på Jonsokløpet på travbana i år. I fjor vart det for få til å stille løp, men åra før har det vore et artig innslag. Vi lurer på om det er interesse for å ha nokre treningsøkter i forkant, slik en kan få prøvd seg før løpet. Aktivitetsgruppa vil organisere ved interesse.

Framsnakk fjordhesten!



Stad og dato, Torfinn Haaheim Stad og dato, Nils Nedrevold

________________________ __________________________


Ørskog, 05.04.2015

_______________________________________

Lone Barlindhaug, sekretær NSFHL.



Årsmelding 2014


Laget heldt årsmøte i klubbhuset på Travbana 11.februar 2014.


Det nye styret :

Leiar: Oddmund Urke, 1 år, gjenval

Nestleiar: Torfinn Haaheim, 2 år, gjenval

Sekretær: Lone Barlindhaug, 2 år, gjenval

Kasserar: Lone Barlindhaug, ikkje på val

Styremedlem: Kristin G. Sandnes, ikkje på val

Varamedlem: Gro Devold, 1 år, nyvald

Tove Asbjørnsen, 1 år, gjenval

Nils Nedrevold, 1 år, gjenval

Aktivitetsansv.: Lone Barlindhaug, Gro Devold og Anette

Vatnehol.


Vi har hatt to styremøter i år. Det første vart halde i klubbhuset på travbana 12. januar, der temaet var lovverket i Norges Fjordhestlag. Laget ga uttale.

Det andre møtet vart halde i brakka til Torfinn 30. november. Der ga vi uttale til dei nye kåringsforskriftene/ revidering av avlsplanen for fjordhest.

Ellers har vi i styret hatt kontakt ved behov.



2 hestar frå laget vårt vart stilt på årets unghestskue, i Ørsta laurdag 26. april.

  • Fjordhesthopper 2 år: Haug Maya, eigd av Nils Nedrevold og Gro Helen Devold, og Tora Lilja, eigd av Oddmund Urke og Hildegunn Sjåstad.

Begge hestane fekk velfortjent sløyfe, men ingen av dei vart stilt i kvalitet.

I vår vart det forsøkt å få til ein felles ridetur, men interressa var så laber at turen vart droppa.


Til travløpet på Vatne laurdag 21. juni greide vi ikkje å få nok hestar til eit fjordhestløp, dessverre.

Hestens dag vart det heller ikkje noko av i 2014, då den svært smittsame hestesjukdommen kverke vart påvist i fylket.

Det er utført ein svært stor dugnadsinnsats på oppselingsboksane i haust. Portane er på plass og bakveggen er kledd opp, pluss lagerrom i begge endane av bygget.

Ellers held det gode samarbeidet med travlaget fram og vi har fått eit rom til disposisjon på det nedre klubbhuset. Dette rommet må vi få rydda og satt i stand til bruk.

Leiaren møtte til temakveld på Raftevold Hotell etter invitasjon fra Ørsta/ Volda og Nordfjord Fjordhestlag, for å diskutere saklista til årets haustmøte. Eit godt initiativ.

I skrivande stund har heimesida vår tett på 165 tusen treff. Det er imponerande samanlikna med andre lagssider, men videre utvikling av sida krev ein viss tilgong på innkommande stoff, så herved er medlemmane utfordra...


Skodje

19. mars 2015


Oddmund Urke

leiar



Referat  fra årsmøte  2014

Klubbhuset på Travparken, tirsdag 11.februar 2014


Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste

  2. Val av møteleiar og skrivar

  3. Val av to til å skrive under møteboka

  4. Årsmelding

  5. Rekneskap

  6. Val

  7. Kontingent

  8. Innkomne saker


------


1. Innkallinga og saklista godkjent.

2. Val av møteleiar; Oddmund og skrivar; Lone.

3. To til å skrive under møteboka; Tove og Gro.

4. Årsmelding godkjent.

Kommentar; en delegasjon frå Midtnorsk Travforbund har vore på besøk for å sjå på travanlegget og samarbeidet vi har her. Dei var positive til det fleirbruksanlegget Sunnmøre travpark har og samarbeidet mellom laga her. Maratonbane er no under planlegging på travbana.

Det er no nytt styre i Sunnmøre Travlag og dei stiller seg positiv til vidare samarbeid med oss.

5. Rekneskap godkjent. Behaldning 31.12.2013 var kr 58.367. Einaste utgift i 2013 var kr 2000 til fylkeslaget til medlemskontigent for 2012 og 2013. Inntekter er kontingent frå medlemmar.


6. Val

Leiar; Oddmund Urke gjenvalgt for 1 år.

Nestleiar; Torfinn Haaheim gjenvalgt for 2 år.

Sekretær; Lone Barlindhaug gjenvalgt for 2 år

Kasserar; Lone Barlindhaug, ikkje på val.

Styremedlem; Kristin G. Sandnes, ikkje på val.

Varamedlemmer; Gro Devold, nyvalgt for 1 år.

Tove Asbjørnsen, gjenvalgt for 1 år.

Nils Nedrevold, gjenvalgt for 1 år.

Aktivitetsansvarlig; Lone Barlindhaug, Gro Devold og Anette Vatnehol.


7. Kontingent.

Vi beheld same kontingent som tidligare; kr 150 for enkeltmedlemskap og kr 200 for familiemedlemskap. Vi vurderar å auke kontigenten litt neste år.

På heimesida er det no lagt innmelding på framsida slik at det er enkelt for nye medlemmar å melde seg inn. Tidligare har det blitt sendt giro i posten til medlemmane, frå no av vil det kun bli sendt ut på e-post. Vi oppfordrar medlemmane til å gi oss e-postadressa si slik at vi lettare kan få sendt ut kontingent og anna info. Om nokon heller ønsker en giro i posten er det berre å gi Lone beskjed om dette så sender ho ut.


9. Innkomne saker, ingen saker er komt inn.

22.februar er det årsmøte i fylkeslaget Møre og Romsdal Fjordhestlag kl. 11, og Møre og Romsdal Hest kl. 14. Vi melder på fire utsendingar; Oddmund, Gro, Nils og Lone.

Heimesida er mykje besøkt og den har over 100 000 treff! Redaktør Hildegunn sørga for ei flott side med mykje fine bilder og info, men vi treng meir stoff for å kunne halde sida oppdatert. Vi oppfordar alle til å sende inn bilder frå hestane og medlemmane i laget.




MEDLEMSMØTE


Etter årsmøtet var det medlemsmøte.

Nordre Sunnmøre Fjordhestlag har fått tildelt et eige rom på klubbhuset på travparken som vi no skal til å innreie. Vi starter med å rydde og å få hengt opp et skilt på døra. Planen er at det det skal vere et rom der ein kan overnatte og slappe av når det er kurs og liknande. Avtalen er at travlaget også kan bruke rommet om dei har behov for overnattingsplass når det er travløp.

Oppselingsboksane er no under bygging og laget skal disponere ei boks til å sette inn vogna som vi har kjøpt inn. Det blir no lettare å halde kurs og andre aktiviteter med hest no når der blir en plass å sette frå seg hestane. Torfinn er i kontakt med Eivind Davik om køyrekurs, og vi håper å få til dette i løpet av sommaren/hausten. Vi håper mange vil bli med på kurs og aktivtetar framover, og aktivitetsgruppa vil gjerne ha forslag på kva folk vil vere med på. Vi vil arrangere aktivitetar etter kva folk ønsker å delta på.

Det er nedgang i talet hestar i laget vårt, noko som dels kan forklarast med at det er generelt litt tilbakegang i hestemiljøa no. Vi må satse på rekruttering og alle må ta ansvar for å få med nye medlemmar til laget. Om vi kjenner nokon med interesse for fjordhest må vi oppmuntre dei til å bli med i laget. Det er viktig å snakke fjordhesten opp og fram, og få vist fram den flotte hesterasen på ulike arenaer!



Stad og dato, Tove Asbjørnsen Stad og dato, Gro Devold


________________________ __________________________


Ørskog, 17.02.2014

_______________________________________

Lone Barlindhaug, sekretær NSFHL.


Årsmelding 2013



Laget heldt årsmøte på klubbhuset på Travbana 28.februar 2013.


Det nye styret :

Leiar: Oddmund Urke, 1 år, gjenval

Nestleiar: Torfinn Haaheim, ikkje på val

Sekretær: Lone Barlindhaug, ikkje på val

Kasserar: Lone Barlindhaug, 2 år

Styremedlem: Kristin G. Sandnes, 2 år

Varamedlem: Hege Ringstad, 1 år

Tove Asbjørnsen, 1 år

Nils Nedrevold, 1 år

Aktivitetsansv.: Lone Barlindhaug, Gro Devold og Anette Vatnehol.


Vi har ikkj e hatt styremøter i år, men har hatt kontakt ved behov.


Det var 3 hestar frå laget vårt som vart stilt på årets utstillingar.

Unghestskue Ørsta laurdag 27.april :

  • Kaldblodstraver hingster 1 år: Haug Kar, kval. 1, eigar Nils Nedrevold

  • Fjordhesthopper 1 år: Haug Maya, kval. 1, eigar Nils Nedrevold, Gro Devold


Hingsteutstilling Nordfjordeid 2. – 4. mai :

  • Hingster 3 år: Bjørstads Tjalve, ikkje kåra, eigar Kristin G. Sandnes


Felles ridetur søndag 16. juni til Liasætra:

Det var fem hestar med på turen, tre fjordhestar, ein døl og ein islandshest, og det var flott ridever. Framme på sætra hadde Lone gjort klart på førehand, slik at vi fekk slå oss ned der og grilla og hadde det kjekt.


Travløp laurdag 22. juni:

Mykje folk møtte for å sjå. Det mange vil hugse frå travløpa er nok Lannem Silje sitt fantastiske løp. Eigar/ kusk Ola M. Skrugstad.

I Fjordhestløpet stilte fire hestar.

Fjordhestløpets resultat (1200 m):

nr. 1 Mirabella og Oddmund Urke, tid 03:25.8 - km tid 02:51.5
nr. 2 Maksimus og Hanne Brunvoll, tid 03:28.6 - km tid 02:53.9
nr. 3 Stasmay og Gro Devold, tid 03:49.2 - km tid 03:11.0
nr. 4 Stas Ninni og Lone Tårstad, tid 03:58.9 -
km tid 03:19.1


Hestens dag 29. september:

Tre fjordhestar var med i paraden. Gro køyrde Stas May med 4-hjulsvogn, familien Krogsæter køyrde Stas Ninni med roadcard, og Oddmund viste fram 1-årshoppa Tora Lilja.

Vi fekk ikkje nok påmeldte til å stille fjordhestløp i år.

Vi må igjen få ta av oss hatten og gratulere islandshestfolket, som stiller opp i flokk og viser fram hestane sine på imponerande vis. Der har vi mykje å lære.

--

Det har vore ein del dugnadsarbeid på anlegget til travbana, og der må Torfinn nemnast, han har gjort ein kjempeinnsats.

I desember var Eivind Davik på besøk på travbana. Ilag med Oddmund, Torfinn og Nils vart det drøfta mulegheiter for å bygge ei maratonbane. Davik var svært positiv, og vil lage eit utkast for dette. Eit spennande prosjekt!

Ved utgangen av året var det tett på hundre tusen treff på heimesida. Det er utruleg bra, men det er fortsatt altfor lite stoff som kjem inn, for å kunne drifte sida godt.

Det er knytt ein del spenning rundt val av nytt styre i travlaget. Vi håpar at vi fortsatt kan videreføre/ videreutvikle det gode samarbeidet vi har hatt der.


Skodje

9.februar 2014


Oddmund Urke

leiar

        

Referat fra Årsmøte

28.02.2013   Vatne Travpark


Saker:

1. Godkjenning og innkalling av sakliste

2. Val av møteleiar og skrivar

3. Val av to til å skrive under møteboka

4. Årsmelding

5. Rekneskap

6. Val

7. Kontigent

8. Innkomne saker

             

Det var medlemsmøte etter årsmøtet.

 

1. Inkalling og sakliste godkjent utan innvendingar

2. Val av møteleiar; Oddmund Urke og skrivar; Lone B.

3. Val av to til å skrive under møteboka; Anette       Vatnehol og Gro H. Devold

4. Årsmeldinga vart opplest godkjent med to tilføyingar:

Bjørstads Tjalve, eigd av Kristin G. Sandnes vart vist i klassa unghingst 2  år på   Unghestskue i Ørsta 28.04.12.

Hanne Brunvoll og vallakken Maximus viste eit dressurprogram på Hestens dag 30.09.12. Det var desverre ikkje kome med i årsmeldinga.  

5. Rekneskapet blir godkjent. Årsoppgåve fra Ørskog Sparebank framlagt.                 

          Saldo pr 31.12.2012 var kr 58.608

Inntekter har bestått i medlemskontigenter, utgifter har vore gevinster til travløpet Jonsoksaftan. I 2013 vil det bli betalt medlemskontigent for både -12 og -13 til Møre og Romsdal Fjordhestlag på kr 1000 pr år.

6. Val

           Styret vart følgende:

   Leiar:             Oddmund Urke, blir gjenvalgt

   Nestleiar:       Torfinn Haaheim, ikkje på val

   Sekretær:        Lone Barlindhaug, ikkje på val

   Kasserar:        Lone Barlindhaug, nyvalg

  Styremedlem:  Kristin G. Sandnes, nyvalgt

  Vara:                Hege Ringstad

                          Tove Asbjørnsen

                          Nils Nedrevold, alle blir gjenvalgt

  Akt.ansvarlig:    Lone Barlindhaug, gjenvalgt


Nytt av året er at vi har laga eiaktivitetsgruppe der Gro Devold og Anette Vatnehol er med og hjelper Lone med aktivitetsplanlegging.  

7.   Kontigent

Vi viderefører kontigenten frå 2012,  kr 150 for enkeltmedlemmer og kr 200 for familiemedlemskap.

8.  Innkomne saker;     Ingen sakerkomt inn.  

                                                    

 


                                       Medlemsmøte          

       

Straks etter årsmøtet var det medlemsmøte. Tema som blei diskutert var;


Verving av medlemmer;

Korleis skal vi klare å rekruttere fleire medlemmar og behalde dei som er innmeldt? Vi sender ut giro til medlemmar slik vi gjorde i fjor. Laget har også ei  facebookgruppe som mange følger, vi prøver å sende ut giro og velkomstbrev også til dei. Ellers må vi prøve å få med dei vi kjenner, og invitere fjordhestinteresserte til arrangementer og turar vi planlegg.

           

Gruveblues;

vart arrangert 31.05.12 i gruvene på Liafjeller der tre fjordhestar og ein nordlandshest stilte som kløvhest. Lone fortalde litt om utfordingane vi hadde og at det viste seg å vere mykje god omtale i ettertid både i media og på folkesnakk.

   

Hestens dag;

vart halden 30.09.12 og var vellukka også denne gongen. Det var fjordhestløp med fire  hestar var med. Hanne Brunvoll og Maximus viste dressurriding, men ellers viste det seg vanskelig å få med folk til å stille opp med hestane sine sjølv om det blei lagt ned mykje arbeid i å ringe rundt å prøve å få folk med.  Kva kan vi gjere neste gong for å få folk til å komme med hestane sine? Planlegge dagen tidligare og starte informasjon rundt dette på vårparten var eit av forslaga.

 

Heimesida;

er no oppe i over 68 000 besøk! Vi har ei flott side som mange er innom, men vi treng meir stoff og bilder frå medlemmane for å oppdatere sida og halde den levandes.

 

Aktivitetar;

det er no danna ei aktivitesgruppe som skal planlegge aktiviteter for året. Forslag som kom opp var trening til Fjordhestleikane som er på utstillingane, og  travtrening i lag med Ponningruppa. Vi håpar at medlemmane engasjerar seg og tek kontakt for forslag og ønsker om kva vi kan finne på i lag.

 

Ei oppfordring kom til slutt;

Snakk positivt om fjordhesten og hestesporten! Det er viktig at vi snakker fint om hestemiljøet, om kvarandre og  om andre lag/organinsasjoner innan hest. Det er viktig for trivsel og korleis hestesporten blir oppfatta utad. I media er det til tider negativ omtale av sporten, men om vi er positive og inkluderande i nærmiljøet har vi skapt eit godt grunnlag for at fleire vil vere i lag med oss. Snakk fjordhesten opp og fram!

          

 

Stad, dato,  Gro Helen Devold                            

Stad, dato, Anette Vatnehol

         

 

Ørskog, 08.03.2013     Lone Helen Barlindhaug, sekretær.


Årsmelding 2012

 

Styret har hatt denne samansettinga i meldingsåret 2012:

Leiar:                Oddmund Urke

Nestleiar:          Torfinn Haaheim

Sekretær:         Lone Barlindhaug

Kasserer:           Oddmund Urke

Styremedlem:    Leif Beite

Vara:                 Hege Ringstad

                         Tove Asbjørnsen

                         Nils Nedrevold

Aktivitetsansvarleg:  Lone Barlindhaug

 

Året har gått utan styremøter, men styret har hatt god kontakt gjennom andre møter eller ved behov. Aktiviteten har vore god, og vi har fått ein del nye medlemmar.

Torfinn er fortsatt vår kontakt inn imot travlaget, og det samarbeidet fungerar godt.

Torsdag 31.mai var det Gruve-blues i dei gamle malmgruvene i Liafjellet på Sjøholt. Dei som stilte med kløvhest var Odd Velle fra Sykkylven, Kjersti Vik og Sitka Gresdal fra Tresfjord og Geir Ola Vatne fra Glomset. Dette var populært, men oppdraget var ikkje heilt utan utfordringar.

Laget var med å arrangere travløp på travbana på sjølvaste jonsokaftan. Der stilte vi med hestar  i eit eige fjordhestløp, det første i fylket på ei tusenmeters bane. Løpet vart vunne av Fjelltor og Even Myklebust frå Ørsta, dømt før Mirabella og Oddmund Urke på målfoto. Nr. 3 vart Maximus og Lone Thårstad. På ein hederleg 4. plass kom 23 år gamle Vestrejenta og Ingrid Årnes.

Hestens dag var også i år eit av dei store løfta i laget. Den vart arrangert på travbana søndag 30.9. Der var også travløp for fjordhest. Fire hestar var med. Maximus og Hanne Brunvoll vann, nr. 2 Mirabella og Oddmund Urke, nr. 3 Terne Rosa og Annette Vatnehol, og Stas May og Gro Devold nr. 4. Hesteparaden var også eit fint innslag der vi var godt representert. Etter den hadde Hanne Brunvoll og Maximus ei oppvisning i dressur. Elles viste det seg svært vanskeleg å få med folk til å vise hestane sine i andre aktivitetar, dette håpar vi å kunne gjere noko med i 2013.

Søndag 14.9. inviterte laget til hausttur, som var open for alle rasar. Dei fleste rei, men der var også hest med vogn. Vi starta i Furlia på Skodje og landa på Liasetra i Ørskog, der Lone og Siv på førehand hadde rigga til med grill og benkar. Veret var kjempefint, og det gjorde dagen til ei enda finare oppleving. Etter felles grilling, og foring av hestane, fortsette nokre vidare innover mot Ørskogfjellet, mens andre vendte nasen heimover. Spesielt kjekt var det at fleire hestar frå Vatne kom og var ilag med oss denne dagen.

 

Det var ikkje så mange hestar frå laget vårt på utstillingane i fylket i 2012, men her er resultata:

 

Unghestskue i Ørsta 28.4. :

unghopper 3 år: Terne Rosa, sløyfe, eigar Oddmund Urke, Skodje.

unghingst 2 år: Bjørstads Tjalve, sløyfe, eigar og oppdretter Kristin G. Sandnes, Valldal.


Kombinertutstill. i Tresfjord 26.8. :

hopper 3 år: Terne Rosa, 2.pr., køyreprøve 45 p. som var beste køyreprøva, eigar Oddmund Urke.

Unghingst 1 år: Junes Oliver, sløyfe, kval. 1, eigar May Siri Stene.


Foretaksnr. og bankskifte er det ikkje gjort meir med, men det kan vere greit å ta fatt i dette.

Torfinn har skaffa laget ei fin treningsvogn som skal stasjonerast på travbana til bruk for medlemmane. Denne vogna er ikkje betalt enda, men dette vil bli ordna med Torfinn. Heimesida er forskottert av Oddmund, men vi manglar rekning.

Heimesida vår har i skrivande stund passert 67000 treff, noko vi må vere stolte av. Redaktøren hungrar etter stoff for oppdatering av sida, men i alle fall ei stor takk til Hildegunn for den flotte jobben ho gjer, for å halde sida så fin og populær som den er.

 

Skodje den 18.2.2013

Oddmund Urke

leiar



Årsmøtereferat 2012


Tid og stad: Torsdag 23.feb.2012  Klubbhuset på Vatne Travpark

Sakliste:
1.    Godkjenning av innkalling og sakliste
2.    Val av møteleiar og skrivar
3.    Val av to til å skrive under møteboka
4.    Årsmelding
5.    Rekneskap
6.    Val
7.    Kontingent
8.    Innkomne saker
   

Leiar ønska velkomen til møte.
1.    Innkallinga og saklista vart godkjent utan anmerkningar.
2.    Val av møteleiar og skrivar; Oddmund og Lone
3.    Val av to til å skrive under møteboka; Nils og Tove
4.    Årsmelding godkjent.
Kommentar: Heimesida er godt besøkt, men treng meir stoff frå medlemmane. Det er no over 30 000 treff på sida og er dette viser at der er interesse for laget. Viktig at vi alle bidreg med bilder og stoff for å halde sida aktiv. Kostnadane for sida bør dekkast av laget.

5.    Rekneskap. Godkjent utan merknader. Utskrift frå banken vedlagt årsmelding, og utgifter er spesifiserte i utskrifta. Per 31.12. 2011 var behaldninga 57.037 NOK.

6.    Val

Leiar og styre er på val i år, og blir gjenvalgt.

Leiar: Oddmund Urke, 1 år
Nestleiar: Torfinn Haaheim, 2år
Sekretær: Lone Barlindhaug, 2 år
Kasserar: Oddmund Urke, 1år

Styremedlem: Leif Beite, 1 år

Varamedlem  Hege Ringstad, 1år
                      Tove Asbjørnsen, 1år
                      Nils Nedrevold, 1 år

Aktivitetsansvarlig: Lone Barlindhaug, 2år

Ei valnemnd opprettast, beståande av Leif Beite og Tove Asbjørnsen, med Leif som valnemndleiar. Dei har oversikt over medlemmane og kven som er på val neste år.

Nokon i styret bør representere laget på årsmøtet til fylkeslaget og MR Hest på Gjermundnes 25.02.12, Oddmund og Lone drar.  

7.    Kontingent. Fortset som før; kr 150 for enkeltmedlem og kr 200 for familiemedlemskap.  

8.    Innkomne saker:

Det er kun ein sak som er komt inn. Skal vi ta inn folk som driv med andre hesterasar enn fjordhest som medlemmar i laget? Det blei en diskusjon rundt bordet som konkluderte med at det viktigaste no er å få opp medlemstalet i laget, og at det difor bør vere greitt om medlemmar driv med andre rasar. Har dei lyst å vere medlem, har dei også sannsynligvis interesse for fjordhest.


Stad og dato                                                                      Stad og dato
Tove Asbjørnsen                                                                 Nils Nedrevold


Ref.
Ørskog, 29.02.12
Lone Barlindhaug 



Referat frå Medlemsmøte

Etter årsmøtet var det medlemsmøte.

1.    Verving av medlemmer:
 Vi har pr i dag få betalande medlemmar. Kva kan vi gjere for å auke medlemstalet?  Innmelding på heimesida har ikkje fungert like godt som vi hadde håp om, så vi vil gå over til å bruke giro og sende ut. Lone skal sjekke med banken kva som er mest brukt i liknande lag/foreningar, og lage eit infoskriv om laget og sende ut til dei vi trur kan vere interesserte. Der skal vi nemne samarbeidet på travparken og ponnigruppa, muligheita for kurs og andre fellesaktivitetar ein drar fordel av som medlem. Elles må alle tenke på å skaffe nye medlemmar, og om alle klarer å verve ein ny –så er vi plutseleg dobbelt så mange! 

2.     Info om helsekort til hest
Tove og Torfinn fortalte litt om sine erfaringar om nødvendigheita av å ha helsekort til hest, då spesielt om ein skulle kome i en situasjon der hesten må til slakt. Mattilsynet kan då krevje eit slikt helsekort om kjøtet skal godkjennast til konsum. Erfaringar viser at mange ikkje er kjend med dette, verken hesteeigarar eller veterinærar.  Eit kjapt søk på Mattilsynet sine heimesider viser dette:
”I følge velferdsforskriften § 6 skal alle hester ha helsekort. Kravet gjaldt med virkning
fra 1.1.2006.
For å kunne dokumentere at hesten ikke er tilført medisiner som medfører at kjøttet
ikke kan brukes til konsum, krever Mattilsynet at det skal legges frem et helsekort.
Helsekort er vanligvis et vedlegg til hestepass. Ellers kan det være et eget ark (se
vedlegget ”Helsekort for hest” Helsekortet skal være merket med hestens navn og registreringsnummer og inneholde en ordnet opptegnelse over alle medisinske behandlinger ført av behandlende veterinær og hesteholder.”

Vi oppfordrer våre medlemmer og benytte helsekort på sine hestar. Eit vedlegg med eit slikt vil difor ligge på slutten av dette referatet.
 
3.      Bluesfestival
Vi har fått spørsmål frå Ørskog Bluesclub med Jo E. Tomren i spissen om vi vil vere med på årets arrangement som skal starte med ein konsert i malmgruvene i Liafjellet torsdag 31.mai. Dei vil gjerne gjennomføre i gammal stil, og lurte på om vi ville stille med hestar og kløv til å frakte opp litt av utstyret. Det vil bli litt mediedekning og kanskje ei fin anledning til å reklamere litt for laget? Vi tenkjer på det, og om det er nokon som har lyst å delta gi beskjed til Lone så snart som mulig. Utfordringa vil bli å skaffe kløvutstyr, og så må vi på synfaring for å sjå om stien opp er forsvarleg til bruk av hest. Vi syns ideen var god, og at det var kjekt dei spurde oss! 

4.    Andre aktivitetar i år
Vi satsar på en ny fellestur før beitesesongen i år. I fjor hadde vi ein kjekk tur på Liasætra med grilling og godt prat. Det vil vi gjenta i år og då ønskjer vi at enda fleire blir med! Det er en lett tur som egner seg for både riding og kjøring med vogn. Dato vil vi kome tilbake med. Og så tenkte vi å få til en tilsvarande tur på hausten, gjerne ein anna plass, men då må medlemmane kome med forslag! Og vi håper å kunne delta fast på Hestens Dag på travparken, dagen i fjor var veldig populær og veldig kjekk å delta på! Om medlemstalet aukar vil vi også prøve å arrangere kurs, bl.a. er kjørekurs eit ønske. Torfinn kontaktar Davik og hører om han vil stille som instruktør.
Men for å få til meir aktivitetar er vi avhengig av at medlemmane kjem med forslag og idear! Sjå heimesida med innlegg frå tidligare aktivitetar. 
 
5.    Dugnad
Vi oppfordrer alle medlemmar til å delta på dugnadsarbeid på travparken framover. Mykje er gjort, og ein del gjenstår. Samarbeidet vi har med travlaget og ponnigruppa er veldig positiv for oss, så her må vi brette opp ermane stille på dugnad! Ponnigruppa vil bruke noko av inntente midlar til å lage permanent gjerde på ridebana, og då trengs det også dugnadsfolk til å sette det opp. Elles vil det prioriterast å starte med paddocker til våren, slik ein har ein plass å sette frå seg hestane når der er kurs og arrangement.



Ref.
Lone Barlindhaug
Aktivitetsansvarlig.


Helsekort finn ein på Mattilsynet si heimeside.




Årsmelding 2011

Laget heldt årsmøte på Klubbhuset på Travbana 7. april 2011.

Styret fekk denne samansettinga:
Leiar:                 Oddmund Urke, 1 år
Nestleiar:           Torfinn Haaheim,  2 år
Sekretær:          Lone Barlindhaug,  2 år
Kasserar:            Oddmund Urke,  1 år
Styremedlem:     Leif Beite,  1 år
Varamedlem:      Hege Ringstad,  1 år
                          Tove Asbjørnsen,  1 år
                          Nils Nedrevold,  1 år
Aktivitetsansv.:  Lone Barlindhaug,  2 år.

Vi har ikkje hatt styremøter i år, men har tatt  kontakt ved behov.
2011 har ellers vore eit år med god aktivitet samanlikna med dei seinare åra. Det er spesielt samarbeidet med Sunnmøre Travlag som har gitt ein positiv oppsving. Torfinn Haaheim har vore vår kontaktperson inn mot travlaget og han har gjort ein svært god innsats. Fjorhestlaget har bygd ei fin innegjerda ridebane, 90 x 45 m, inne i travbana. Torfinn, Nils, Oddmund, Leif Inge og Siggen sto for det arbeidet. Bana vart innvigd og brukt under Hestens Dag 2. oktober 2011.
Trass i  eit forrykande regnver dagane og natta før, vart Hestens Dag ein solfylt og kjempefin dag på alle måtar. Barneridinga starta kl. 11 og varte heile dagen.
May Siri Stene var først ute av våre med Felina og nokre av rideskuleelevane sine i voltige oppvisning.
Cecilie Otterlei og Sofus underheldt med sprangriding, og til slutt viste Oddmund og Mirabella litt arbeidskøyring med ulvindraget til Torfinn.
Lone og Torfinn fekk orden på paraden, og laget vårt vart representert med Nina køyrd av Stig Rune Otterlei  med 4-hjulsvogn, Sofus vart ridd av Cecilie Otterlei,  Mirabella vart ridd av Linda Sjåstad Henriksen, og til slutt Felina med to rideskulejenter på ryggen.
For å få istand dette arrangementet var det mange møter og mykje arbeid i forkant, men det var  verdt all innsatsen.

1. søndag i advent skulle det på ny vere barneriding på travbana, der vi var medarrangør ilag med ponnygruppa, men dagen «bles bort». Det vart i staden eit litt amputert arrangement søndagen etter. Torfinn, Nils og Geir Ola var der som medhjelparar frå laget vårt.

Utstillingsresultat for hestar frå laget vårt:

Unghestskue Ørsta 14. mai:
•    Hopper 3 år:  Sigdestads Minja, Ex sløyfe -  Spiss, eigar Torfinn og Tove
•    Hingster 2 år:  Furli Bento, Sløyfe, eigar Oddmund
•    Hopper 2 år:  Terne Rosa, Ex sløyfe -  kval 4, eigar Oddmund
•    Hingster 1 år:  Haug Snerten, eigar Gro/ Nils

Kombinertutstilling Ørsta 20. august:
•    Kl 5:  Felina, fornya 3. pr, eigar May Siri

Hoppeutstilling Førde 27. august:
•    Kl 7:  Sigdestads Minja, 3. pr – kjpr 46 p., eigar Torfinn og Tove

Vi har pr.  i dag ein konto i Ørskog Sparebank der Oddmund Urke har prokura.
Det har vore litt uklart om vi må ha foretaksnummer, men dette og eventuelt skifte av bank skal avklarast våren 2012.

Vi sponsa Oslo og Akershus FHL med kr. 1000,-  til Norsk og Nordisk mesterskap for Fjordhest i 2011.
Vi har betalt årskontingent kr. 1000,- til Fylkeslaget.
Annonsa til årsmøtet i fjor kosta kr. 690,-.

Heimesida vår har i skrivande stund runda 30 000 treff. Dette er svært bra, men medlemmane må forstå at ein kan ikkje greie å drifte ei slik side utan at det kjem inn stoff.
Ei stor takk til Hildegunn som gjer ein flott jobb med sida vår!

For styret i NSFHL
Oddmund Urke
leiar



Årsmøtereferat 2011

Vatne Travpark 7. april kl. 19.00.

Sakliste:
           1. Godkjenning av innkalling og sakliste
           2. Val av møteleiar og skrivar
           3. Val av to til å skrive uder møteboka
           4. Årsmelding
           5. Rekneskap
           6. Val
           7. Kontingent

Sak 1
Innkallinga og saklista vart godkjent utan invendingar.

Sak 2
Val av møteleiar Oddmund Urke og skrivar Lone Barlindhaug.

Sak 3
Val av to stk til å skrive under møteboka, Tove Asbjørnsen og Nils Nedrevold.

Sak 4
Årsmelding
Etter nokre år med liten aktivitet i Nordre Sunnmøre Fjordhestlag har vi no blitt samde om at vi vil forsøke å ta opp tråden og få til eit aktivt lag igjen. Det var kome til eit punkt der ein måtte vurdere om ein skulle satse på eit aktivt lag eller om ein berre skulle legge ned laget. Med tanke på at vi er ganske mange som driv med fjordhest i området og at det i den siste tida har vore litt etterspørsel etter aktivitetar og kurs så trur vi at det vil vere interesse for at laget har ei aktiv framtid. I den forbindelse blei det oppretta heimeside, som også ligg under Norges Fjordhestlag si side, www.fjordhest.no/lokallag, og dette viser seg å vere ei populær side med hittil over 11 000 besøk! Her blir det lagt ut informasjon om laget, aktivitetar som vil komme framover, bilder av medlemmane og hestane deira og ei gjestebok der ein kan skrive helsingar og beskjeder til laget. Dette er ein fin plass å halde seg oppdatert på kva som skjer i laget og vi satsar på at denne sida blir mykje brukt framover. Vi oppfordrar medlemmar til å sende inn fleire bidrag i form av bilder og tekst!

Sjølv om det har vore stille rundt laget siste åra så har Oddmund Urke representert laget på alle fylkesårsmøter, og han har også vore leiar i Samarbeidsutvalet for hest i Møre og Romsdal, og styremedlem i Møre og Romsdal Hest.
Det har også vore nokre hestar som har markert seg siste åra i frå vårt område. Blant anna har Pokemann (frå Leif Beite) og Liv Jorunn Nyhagen gjort det stort som Nordisk meister i 2009 og greinmeister i dressur i 2010. Mirabella og Oddmund Urke gjorde det godt på køyreprøva på Skaret i 2008 med 49 av 50 poeng. Torfinn Haaheim og Tove Asbjørnsen med Sigdestads Minja gjorde det bra med fylkespokal for beste 2-års hoppe 2010.

Det er innleia eit samarbeid mellom Nordre Sunnmøre Fjordhestlag og Sunnmøre Travlag med intensjon om å auke interressa for hest og ha eit samlingspunkt der ein kan treffast og ha forskjellige aktivitetar. Vatne Travpark i Vatnedalen er eit stort og flott anlegg med mange muligheiter. Med travbane, klubbhus og planar om oppstallingsplassar og køyre-/ ridestiar inne i midten av travbana er det mange aktivitetar innan hestesporten dette anlegget kan nyttast til. NSFHL er ikkje eit lag med store økonomiske midlar, men vi kan bidra med dugnadsinnsats på alegget og under arrangement. Vi håpar at dette kan bli eit samarbeid som fremmer interressa av hest i området og er med på å auke hestesporten. Vi oppfordrar våre medlemmar til også å bli medlem av Sunnmøre Travlag, og vere villige til å stille med dugnadsinnsats. Vår Kontaktperson til Sunnmøre Travlag er Torfinn Haaheim.

Vi har fått forespørsel om det er nokon frå laget vårt som kan tenke seg å vere funkjsonær og hjelpe til med arbeidet når Oslo-Akershus FHS skal arrangere Fjordhest NM/ Nordisk 24. - 30. juli på Starum. Dei kan tilby gratis kost og losji. For meir info sjå: www.fjordhest.no/nm2011/

I haust vart det arrangert ein vellukka ride/køyretur til Steinset-sætra. Der blei alle rasar og hesteinterresserte invitert, og det enda opp med 13 deltakarar. Dette var ein kjekk dag og vi vil prøve å få til ein tradisjon på å arrangere ein slik tur første søndag i haustferien framover. Vi vil også arrangere andre samankomstar med og utan hest, og vil gjerne ha forslag frå medlemmane om kva som er ønskeleg av kurs, turar og anna.

Sak5
Rekneskap
NSFHL har pr idag inneståande kr 59 491 i Ørskog Sparebank. Arne Jan Sollied takka no for seg som kasserar i over 20 år, og kasseraransvaret vil heretter bli under leiar. Rekneskapet er godkjent av styret.

Ørskog Sparebank har ved tidlegare anledningar sponsa annonser i Bygdebladet, men sier dei no har forandra policy ang. sponsing og har no årlige utbetalingar hovudsakleg til barn og ungdom, idrett og kultur. Vi meiner at laget kjem inn under desse kriteria, noko banken ikkje var heilt einig i. Leiar vil sjekke med andre bankar kva fordelar vi kan ha ved å bytte bank og om eventuelt dette kan lønne seg.

Sak 6
Val
Det vart gjennomført val og resultatet var følgjande:

Leiar:                       Oddmund Urke, gjenval 1 år
Nestleiar:                 Torfinn Haaheim, 2 år
Sekretær:                 Lone Barlindhaug, 2 år
Kasserar:                   No under leiar Oddmund Urke
Styremedlem:           May Siri Stene, 1 år
Styremedlem:           Leif Beite, 1 år

Vararepresentantar    Hege Ringstad, 1 år
                                Tove Asbjørnsen, 1 år
                                Nils Nedrevold, 1 år

Aktivitetsansvarleg: Lone Barlindhaug                           

Sak 7
Kontingent
Medlemskontingenten for eit år vart satt til:
       Enkeltmedlem:       kr 150
       Familiekontingent: kr 200
Informasjon om medlemskap vert lagt ut på heimesida.
Vi håpar på å få auka medlemstalet i året som kjem, og vil gje medlemmane fordelar i kurs og liknande som vi kjem til å arrangere.

Tove Asbjørnsen                          Nils Nedrevold
sign.                                             sign.

Referent
Lone Helen Barlindhaug
Ørskog, 17.04.2011


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

09.06 | 10:39

Hei :)
sjå meir info om Stall Bjørstad her http://www.stallbjorstad.no/

mvh
Lone

...
07.06 | 15:14

Hei

Arrangerer dere rideturer? Dagsturer?

...
25.08 | 08:51

Fine bilder - GRATULERER så mye med 2.plassen!

...
27.08 | 17:38

Neste sommar vil vi gjerne ha med fleire, der er god plass!

...
Du liker denne siden