Fotoalbum

Hestens dag

Vatne Travpark 2.oktober 2011

Etter eit forrykande regnver i forkant fekk vi ein solfylt og flott dag denne søndagen.

Første post på programmet var barneriding og køyring med vogn, og dette pågjekk stort sett heile dagen. Dette var som venta ein svært populær aktivitet.
Etter ei flott oppvisning med islandshestar, tok vi over med fjordhesten.
May Siri Stene og Felina var først ut, og hadde ei flott Voltigeoppvisning ilag med nokre av sine elevar.
Cecilie  Otterlei med Sofus viste deretter sprangriding.
Oddmund Urke og Mirabella viste litt av korleis lett arbeidskøyring med hest foregår.

Vi fekk til ein flott hesteparade der 10 forskjellige rasar var representert og totalt 19 hestar var med.
Fjordhestane i paraden var Nina med 4-hjuls vogn med kusk Stig Otterlei, Mirabella med rytter Linda Sjåstad Henriksen, Felina med to rideskulejenter på ryggen, Sofus med rytter Cecilie Otterlei.

Travløpa var vellykka, 6 løp og eit montèløp, mykje fart og spenning.
 Det vart konkludert med at bana var litt "laus", og dette er alt tatt tak i. Landets øverste ekspertise på området har sagt seg villig til å bistå med å løyse problemet.

Hestens dag vart til ved eit nært og godt samarbeid mellom Sunnmøre Travlag og deira ponnygruppe, Islandshestforeninga og fjordhestlaget vårt.

Alle foto: Hildegunn Sjåstad

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

09.06 | 10:39

Hei :)
sjå meir info om Stall Bjørstad her http://www.stallbjorstad.no/

mvh
Lone

...
07.06 | 15:14

Hei

Arrangerer dere rideturer? Dagsturer?

...
25.08 | 08:51

Fine bilder - GRATULERER så mye med 2.plassen!

...
27.08 | 17:38

Neste sommar vil vi gjerne ha med fleire, der er god plass!

...
Du liker denne siden