Steinsetsætra

Fra parkeringsplassen på Fylling, der vi møttes og starta turen.

Vi venta til alle var klar før vi starta. Vi danna to grupper.

Dei som ville ha litt tempo på turen la av garde først, og dei som ville bruke litt meir tid starta bakerst.

Her er vi komt fram til Steinsetstølen, og nokre av hestane fekk gå å beite. Dette er hestane til Torfinn og Tove, Ikaros og Nytunsblakken, fra Stall Svorta.

Desse tre er fra Stall Nedrevoll på Vatne.

Så var det fram med kaffi og niste. Nils, Torfinn og Tove.

Desse måtte nøye seg med å stå bundne i kvar sitt tre, og det såg det ut som dei ikkje hadde nokon ting imot. Vi ville ikkje ha for mange hestar ilag i gjerda, det kan det lett bli bråk av.

Maren, Eva Anne og Stig sitjande ved bordet, Linda står med Chanel, og Inger Lise til høgre for Linda.

Damene fra Vatne benytta seg av grillen, og laga seg varm lunsj.

Linda og Oddmund på benken, Chanel og Mirabella i grimene.

Jonas og Leif Beite.

Torfinn og Tove.

No har vi begynt å gjere klart til heimturen. Første turen med flott ny vogn.

Hege med Leo, dei er også klar til heimturen.

Eit siste overblikk, alle er klar, og vi forlet Steinsetstølen. Flott tur!

Tur til Steinset-sætra

Søndag 3. oktober arrangerte vi ein felles ride-/ køyretur. Vi inviterte alle hesteraser til å delta, og vi endte opp med 13 deltakarar. 7 fjordhestar, 3 islandshestar, 2 kaldblodstravarar og ein araber, alle fra Skodje og Haram.

Turen gjekk frå Fylling i Skodje, og vi hadde felles stopp og opphald på Steinset-sætra. Der tok vi av ride- og køyreutstyr, og hestane fekk kvile og ete litt. Vi hadde laga til 2 innhengningar der nokre av hestane kunne gå fritt og beite, og nokre andre hestar var nøgde med å stå bundne i eit tre.
Vi hadde eit triveleg opphald der vi grilla, åt niste, drakk kaffi og prata. Også turgåarar stoppa opp og slo av ein prat.
Når det var klart for retur, delte vi oss litt. Den som ville ri litt lengre gjorde det og tok ei anna rute tilbake til Fylling, og resten tok samme ruta tilbake.
Veret såg
 ikkje så veldig bra ut på morgonen, med litt småregn og ganske grått ver. Men det stoppa å regne før vi starta turen, og heldt seg bra heile dagen.

Om interressa blir stor nok, kjem vi til å arrangere liknande turar. Kanskje kan vi ta det som ein årleg hausttur første søndag i haustferien.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

09.06 | 10:39

Hei :)
sjå meir info om Stall Bjørstad her http://www.stallbjorstad.no/

mvh
Lone

...
07.06 | 15:14

Hei

Arrangerer dere rideturer? Dagsturer?

...
25.08 | 08:51

Fine bilder - GRATULERER så mye med 2.plassen!

...
27.08 | 17:38

Neste sommar vil vi gjerne ha med fleire, der er god plass!

...
Du liker denne siden