Møre og Romsdal Fjordhestleikar
Leikane vart arrangert på utstillingane i samarbeid med dei lokale utstillingsarrangørene i fylket i 2013,
og
kan videre arrangerast kvart år om det er interresse for det. Det er opp til utstillingskomiteane om dei vil ha med denne aktiviteten.
Målet med Fjordhestleikane er å få fleire til å samlast, og ha det artig med dei fantastiske fjordhestane våre.
Kva går fjordhestleikane ut på:
Fjordhestleikane har tre ulike klassar:
Tønner, 8-tall og kjegler (sjå illustrasjonsbilde nederst)
Ein kan sjølv velge kor mange klasser ein vil delta i, og gangart er valfri!
Vi tek tida frå start til mål, og den med best tid vinn.
Poeng deler vi ut på denne måten:
1.plass = 5 poeng
2.plass= 4 poeng
3. plass =3 poeng
Gjennomført = 1 poeng
Ved riv av tønner eller kjegler får vedkommende straffetid på 10 sek pr riv.
Kven kan delta:
Alle med fjordhest, vi opnar også opp for dei andre særnorske rasane (døl og lyngs/nordlandshest)
Kva må du ha med deg:
Pass og egenerklæring på at hesten er frisk + hjelm til deg sjølv, sal og hodelag til hesten.
Kva nivå:
junior under 16 , senior frå det året du fyller 16 år. ALLE kan delta!!
Påmelding:
Skjer fortløpande på utstillingsplassen (i samband med sekritæriatet)
Pris: 50 kr pr ekvipasje pr leik (dvs max 150 kr, dersom du deltek på alle tre leikane)
Premiering:
Vil skje etter at alle leikane er avslutta for dagen, det vil også være ei samanlagt premiering som vil gå føre seg på Møre og Romsdal Fjordhestlag sitt årsmøte året etter.
Vi oppmodar alle dei lokale fjordhestlaga til å samlast ein kveld til innføring og øving i forkant av leikane!
Håpar vi ser deg og din fjordhest 🙂
Ved spørsmål kontakt Karine på mail karinemathilde@gmail.com
el mob: 95 25 70 97