Lilja, den 6 år gamle hoppa til Oddmund, er ein god køyrehest, og Martin ville gjerne prøve ho i to-spann ilag med Rossa, hoppa til Kristin. Rossa, 9 år gammal, er vand med å
køyre i to-spann, og dette gjekk veldig greit. Faktisk så greit at Martin etterpå spente dei føre i eit fire-spann, ilag med vallakane til Kristin, Tjalve og Birk, 8 og 11 år gamle. Dette var moro for alle kursdeltakarane, det
er ikkje ofte ein hverken ser eller er med å køyrer fire-spann.
Denne køyringa med to- og fire-spann var eit forarbeid til barnas dag på søndagen, der barna fekk høve til
å sete på i fire-spann.