Medlemmane sine hestar

Mirabella 4 år, hoppeutstilling på Skaret 2008. 2.pr. nr. 1 i kvalitet, beste køyreprøve.

Mirabella og Oddmund, 49 p. på køyreprøva, Skaret -08. Dommar Egil Strøm i bakgrunnen.

Her blir Bento unnfanget. Jonfinn Bøe har full kontroll.

Mira og Bento, 31.mai -09.

Terne Rosa etter unghestskue i Ørsta 2010. Fekk sløyfe, og nr. 3 i kvalitet.

Terne Rosa under trening. 1år og 4md gammal gjekk ho fint med laussjeker.

2 veker seinare fekk Rosa gå sin første tur med vogn.

Bento etter unghestskue, Ørsta 2010. Fekk sløyfe, 5 x 8 p, nr. 4 i kvalitet.

Bento første dag heime frå sommarbeite på Sjøholt. Der han var ilag med Bjardar frå Ulsteinvik.

Hildegunn og Oddmund på sledetur med Mira, febr. 2011. Sindre heng på med kjelke. Kjekt!

Bento, greit i rute til Ørsta 14.mai ? Der er det dommarane som avgjer.

Longering for vi med litt slitne skuldrar. Absolutt å anbefale, men hugs strikk og hurtig-utløysar!

Rosa vil lære seg å gå trapper. Veit aldri kva ein får bruk for seinere i livet!

Da er dagen komen for unghestskue i Ørsta -11. Ole Petter Myklebust mønstra Bento den dagen.

Her er det full fart i svingen. Sjølv om han var litt småstressa den dagen så fekk han ei fortjent sløyfe.

Rosa fekk sløyfe, ekstrasløyfe og stod i kvalitet.

Furli Bento og Gjerde Tinus testar styrke, rett etter dei vart slept på sommarbeite.

Freden har senka seg og dei er gode vennar. Alle foto av Bento & Tinus: Karine Kristiansen.

Sommaridyll 2011. Mira, Chanel, Linda og Rosa i kvilemodus.

Og når Bento uansett måtte vere heime pga skade, så vart det tid til å trene. Her med laussjeker, sept -11. Det går rolig og veldig greit.

Her er Bento med vogntrening, okt-11

Bento, nokre veker før han reiste til Vigra.

Med ein hest mindre på stallen blir det endeleg meir tid til Rosa.

Blåste litt mykje i romjula, men det gjekk fint likevel. Ho er konsentrert og flink.

Chanel og Linda, klar til kjelketur på nyttårsaftan.

Rosa begynner å komme i form til utstilling apr 2012. Bildet er tatt 25.mars.

Rosa og Hildegunn.

Terne Rosa etter utstilling i Ørsta 28.april, der ho fekk ei velfortjent sløyfe.

Oddmund og Rosa testar ny travsele, i Furlia 15. juli -12.

Linda med rideopplæring på Rosa, 17. juli -12. Det går veldig bra.

Terne Rosa er nydusja og klar for utstilling i Tresfjord 26.august -12

Ein djupt konsentrert Oddmund under køyreprøva i Tresfjord. Og resultatet vart 45 poeng og dagens beste! Grattis!!!

Rosa fekk raud sløyfe i Tresfjord, med 7,5 - 8 - 7,5 - 8 og 7,5 p.

Hestens dag 30.sept.-12. Dette er fra starten på fjordhestløpet.

Marie, Chanel og Otto ønsker God Jul fra Furlia.

Oddmund har solgt Terne Rosa, og 1.april -13 vart ho henta av familien Bornstein. Dei bor i Ørsta, Brudevoll gard.

Tora Lilja kom til Furlistallen frå Førde, 9.mai 2013. Her blir ho presentert for sjefen på stallen, Mirabella.

Oddmund og Lilja gjer seg litt kjend med kvarandre i rundpaddocken

Lilja med sele på for første gong, 7.9.13.

Fullt fokus sjølv med sele på. Dette takla ho heilt fint.

Fint trav også med sele, det gjeld å venne seg til bevegelse med utstyr og dei lydane det inneber...

Første taumkøyring med Lilja, 15.9. Også dette gjekk veldig greit. Men som Oddmund seier: "Ein må ikkje tru ein er i mål, sjølv om det går bra"...

Lilja var med i paraden på Hestens Dag 29.sept.-13. Oddmund lot ho bevege seg litt rundt, både for å halde ho i aktivitet, og for å vise fram for publikum ei flott åringshoppe.

God miljøtrening for Lilja denne dagen.

Lilja er akkurat ferdig med oppgåvene sine under Hestens Dag 29.okt.13. Foto: Jan Even Myklebust.

Ein flott hausttur i oktober. Lilja gjer seg kjend på setrevegen, der ho kjem til å tilbringe mange treningsøkter etter kvart.

Oddmund og Lilja ved "Nisseløa" på veg heim frå setra.

Hildegunn og Mira var også med, og hadde si eiga treningsøkt med fokus på å stoppe "ved behov..."

Full fart i snøen som kom, kjekt å få frest av seg litt overskudd av energi! Chanel, Mira og Lilja 8.desember-13

Chanel tryna og vart litt overraska sjølv...

...og så roa det heile seg. Chanel hadde tydelegvis ikkje lyst å stupe fleire gongar.

Ein kjempefin tur 2.februar-14. Mirabella, Hildegunn og Oddmund gjekk heilt opp på setrefjellet. Uvanleg tur på denne tida av året, heilt utan snø, og tørr fast grunn. Heilt ypperleg!

Vi valgte den brattaste ruta, ein skogsveg med fleire veldig bratte parti. Her er det snart slutt på vegen, ein liten pause for dei som jobba mest :-) Utsikt utover mot Valle/Glomset

Vi går videre, bratt oppover ein sti, her får vi trimma alle og einkvar...

Her er vi på toppen av dagens rute, med flott utsikt ned og utover. Her møter vi ein anna lettare skogsveg som vi følger ned til setra.

Vel nede på Abelviksetra, her ved det eldste selet på stølen.

Her framfor Skymoen-tunet. Ein fantastisk tur! Dette er god medisin, når ein veke etter veke er på jobb når dagslyset og sola er framme...for det er faktisk vinter... Alle foto på turen er tatt av Oddmund.

18.april-14, Tora Lilja er nesten klar for unghestskue i Ørsta 26.april.

18. april -14

Tora Lilja på utstilling i Ørsta 26.april-14. Fekk sløyfe!

Lilja, første gong med vogn, 8.8.14.

10.august-14, Chanel ligg å kosar seg i morgonsola, ho veit lite om at hestetransporten kjem å skal ta ho med til Østlandet, til sine nye fórvertar...

Veldig vemodig, men vi trur ho vil trives på Lund Gård, der ho skal vere mens Linda skal til Volda og studere.

Fin skogstur i meir og mindre attgrodde skogsvegar. Nok ein fin sommardag 10.august-14.

Lilja, 7.sept-14, klar for litt jobbing i padocken.

Ein fortjent kvil på skuldra etter treninga.

Furlia jula 2014. Lilja fekk sin første tur med slede, på dei snødekte markane.

Oddmund var spent på å prøve "låge drag", og det gjekk veldig fint, som forventa av ein kjekk og roleg unghest.

Lilja og Mira, med velfortent julelunsj!

Tora Lilja i påska 2015. På utstillinga i Ørsta fekk ho gul sløyfe, og bedømminga var ei god forbetring frå ifjor.Samla vurdering 7,5.

Best friends!

Da er vi igang med sal og rytter på Lilja, litt rart var det...men heilt greit. 9.juli 2015.

...25. juli, og det går fortsatt heilt fint.

30. august 2016, og etter nokre kortturar ilag med Mirabella er dette første ridetur for Lilja utan Mirabella med som mentor. Litt småskummelt syns ho, men det gjekk fint.

Utstilling i Fræna aug -16. Her er bilde fra køyreprøva, som gjekk veldig bra!

Her er hestane som kom i kvalitet i Lilja si klasse.

Lilja kom nr 3 i kvalitet, og her står dei spent og lyttar til dommarane sitt resultat.

...og det vart 2.premie på Lilja. Lilja og Oddmund studerer dommerkortet mens dommer Bruland heng på plass raudesløyfa.

Strålande fornøgd begge to!!!

2.okt, fin hausttur til Abelviksætra

22.okt, Mira og Hildegunn MÅ berre ut på tur. Fantastisk haustver!

2.nov, Mira og Hildegunn på skikkeleg trimtur på Sætrefjellet. Nydeleg haustver!

Vinterpelsen er godt påbegynt så Mira blei skikkeleg gjennomvåt av svette.

aug.-16

Lilja blir klargjort for tur. "Vent på meg da Mira, vi er snart klar"!

Det var første tur på glatta denne vintersesongen. Det gjekk fole bra med brodd-sko, skikkeleg blankis i sætrevegen idag 19.nov-16

Desember 2016, nytt føl til Furlia: Sæthres Lilja, som vi vel å kalle "Silja" pga to Lilja på stallen, blir kjent med rundpadocken i Furlia. Der skal det bli mykje god trening...

Her er Silja trygt plassert i boksa si i Furlistallen. Ho har fått god kontakt med sjefen i flokken, Mirabella.

Silja står aleine, så får ho ha maten sin i fred. 28.12.16

18.1.17, Hovslager Jon William helser på Silja for første gong.

Lilja og Hildegunn, ridetur på Apalvikstølen. Uvant for Lilja at Mira ikkje er med, ho vrinska godt når vi kom opp, i god tru om at Mira allerede var komt opp.

1.2.17, Silja trivast, ho veks og utviklar seg fint.

19.02.17 Silja jobbar godt i trav...

...og i galopp!

17.4.17 Vår i lufta!

Silja 17.4.17

21.5.17, på plass i Isfjorden. Silja (Sæthres Lilja) i fin oppvarming før utstillinga tek til.

...litt større fart etter kvart...

...og slik vart resultatet: 8-8-8-7,5-8. Veeldig bra!! Sløyfe, ekstrasløyfe og nr. 1 i kvalitet. Med det så vart ho dagens beste fjordhoppe, og Oddmund vart dagens beste utstillar! 21. mai -17

Aug. -17, Silja sitt første møte med sjekene til treningsvogna. "Begynne tidlig, og bruke god tid", seier Oddmund.

Aug. -17, Silja, første gong med arbeidssele.

Silja er veldig flink, god til å plassere beina sine. Det er gjort på ein...to...

...tre! sjå kor fint ho står. 19.8.17

Trening med laussjeker, sept. -17

30.12.17 Her får Silja prøve faste sjeker, med eit dekk på slep for å få litt motstand på. Det går heilt fint, roleg og greitt.

...og her er Oddmund på sleden og Silja dreg på, dette gjekk fint! 31.12.17

Silja fekk Fylkespokalen 1års-hoppe 2017. Det var fylkespokal nr. 6 i rekka for Oddmund!

Det var dessverre ikkje muleg å stille Silja på unghestskue i Ørsta i år slik som planlagt, men vi håper å kome sterkare tilbake ved seinare anledning.

20.10.18 Siste økta for Silja i rundpadocken i Furlia ilag med Oddmund. No skal ho flytte...

20.10.18 Silja (Sæthres Lilja) er seld til Mosjøen, her er dei komen den lange vegen hit for å hente ho. Vi ønsker dei lykke til!!!

Fin vinterdag i Furlia, mars 2019. Familiedag med sledekøyring, kjelkekøyring og bålpanne til slutt.

Lilja testar badetemperatur, påska -19.


Hestane hos Hildegunn og Oddmund i Furlia (Skodje):





Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

09.06 | 10:39

Hei :)
sjå meir info om Stall Bjørstad her http://www.stallbjorstad.no/

mvh
Lone

...
07.06 | 15:14

Hei

Arrangerer dere rideturer? Dagsturer?

...
25.08 | 08:51

Fine bilder - GRATULERER så mye med 2.plassen!

...
27.08 | 17:38

Neste sommar vil vi gjerne ha med fleire, der er god plass!

...
Du liker denne siden