Disney
Magic var i Ålesund 23. juni 2015.
Passasjerane på cruisebåten var sjølvsagt iland, og på Sunnmøre Museum var det laga til eit arrangement for at turistane skulle få oppleve litt av magien frå Disney-filmen "Frost",
der fjordhesten har ei sentral rolle.
I den anledning
hadde Oddmund fått spørsmål om å vise fram fjordhesten på Sunnmøre Museum, og tok då med seg Tora Lilja dit denne dagen.
Torfinn som alltid er positiv og villig til å hjelpe var med, og han og Oddmund
hadde kledd seg i kle frå 1850-talet,
som dei også nytta under innspelinga av den kjende filmen "Den store hesteferda" i 2004.
Slik drog dei av garde denne dagen...