Medlemmane sine hestar

Lone og Kaldblodshesten Augusta. Fin utsikt utover Solnørdalen.

På juletrehogst med Bjørkrosa, 2010

Gjengen på sommerbeite -11.

Firkløveret på stallen no; Bjørkrosa, Stjerna, Augusta og Munin.

Munin og Augusta koser seg med frokost i vintersol

Tre er godt egna som naturlig fôrhekk, vi kjører ut høy på snøscooter med henger og plasserer rundt om i skogen. Augusta og Stjerna liker det godt!

Slik fungerer utegangstallen vår, med drikkekar som har har varmekabel så vatnet er temperert om vinteren.

Mine to kule gule; Bjørkrosa 22 år og Stjerna 8 år.

Lone og Bjørkrosa på ein liten skogstur. Det er no 20 år sidan Bjørkrosa kom til Barlindhaugen. Ho kom som ein spretten liten 3-åring, og er fortsatt glad i å bli med på tur

Augusta med Lone på ryggen, på tidleg hausttur på Liasætra.

På skogstur med alle fire hestane. Gamlemerra Bjørkrosa gjekk laus, islandshesten Genja som handhest. Stjerna og Augusta måtte slite med rytter på.

Ellers har dei trent litt på å ha Bjørkrosa som handhest/ kløv i haust, det er passe jobb til ein pensjonist på 23 år.

På fredagen pakka vi med oss mat og utstyr til ei helg på hytta som Stjerna bar i kløven. Hunden Leah var sjølvsagt med. Vi har trent litt i vinter på kløving, så no var Stjerna klar for arbeid. Vi gjekk heimafra og fram på Liasætra, videre til Løken mot Ørskogfjellet og deretter svinga vi rundt Mevatnet over osen.

På fredagen pakka vi med oss mat og utstyr til ei helg på hytta som Stjerna bar i kløven. Hunden Leah var sjølvsagt med. Vi har trent litt i vinter på kløving, så no var Stjerna klar for arbeid. Vi gjekk heimafra og fram på Liasætra, videre til Løken mot Ørskogfjellet og deretter svinga vi rundt Mevatnet over osen.

Vel framme på stølen er det rikelig med mat til hestane.

På lørdag hadde hestane en kvildedag, og den nytta dei godt!

Hestane slappa av og hytta fikk et strøk beis.

Plutselig vart dei veldig nyskjerrige...

...og då var det denne gjengen som kom forbi for å sjå kven som var på stølen.

Leah tok ansvaret med å passe på utstyret.

Søndag ettermiddag var det på tide å snu nasen heimover, og kløven til Stjerna vart bytta ut med sal slik vi fikk ri begge hestane heimat.

På vegen er det variert terreng og vi måtte over parti med skarpe steiner, blaut myr og nokre bruer, hestane imponerte med å fote seg godt i terrenget. Det er tydelig at hestane trivst med litt utfordringar!

Julaftan 2014. Lone og Bjørkrosa på skogstur.

Dette har vore tradisjon i over 20 år at dei pynta gromhesten til juletur i skogen, men siste åra har det ikkje vore nok snø i jula til å bruke sleden.

Lone med Augusta og Jenna med Stjerna, på tur til Sjøholtsætra, den fine søndagen i november... da det kom litt snø... nov.2015.

Jenna er amerikansk og vant med westernriding. Ho reid på fjordingen Stjerna og vart imponert både over styrken og tempoet i bratte bakkar.

Sept. -16: Kløven er pakka på Stjerna og vi er på veg. Bjørkrosa slapp å bere noko i år, då vi tenkte at ho med sine 26 år er i eldste laget for ein slik tur. Men ho viste seg å fortsatt vere sprek, og gjekk i godt tempo dei to timane det tar å krysse Akslevollbotn til Barlindhaugstølen. Over myr og skog på ei gamal sætrerås, med nokre gode pausar tok hestane seg godt fram.

Her fann vi ei passeleg blåbærtue med litt mat til folk og hest.

Stjerna veit at no er vi snart framme. Ho ber alt vi treng i kløven for å vere ei helg på sætra.

Vel framme før det blei mørkt. Hestane er sveitte og har jobba godt. No er dei glade for nokre dagar med kvile og mykje grønt gras. Vi fyrer i grillhytta og det blir biff til middag. Ein skal ha det godt på sætra! Blir nok ny tur neste sommar, så får vi sjå om gamlemerra held seg til det...Mange gode dagar har vi i alle fall fått på sætra!

17. mai 2017. Stjerna, Lone og Augusta.

Bjørkrosa og Stjerna fint pynta med 17. mai-sløyfe!

Lone og far Svein tar seg ein ridetur til Liasætra i det nydelege veret 17. mai.

Det er Augusta og Stjerna som er dei heldige som får vere med.

Stjerna blir longert i nysnøen på markane. Ei god arbeidsøkt i des. -17

Stall Barlindhaug


i Solnørdalen har utegangstall og nokre boksplasser inne. Vi har fire hestar her no; fjordingane Bjørkrosa og Stjerna (Hjelle Terna), kaldblodshesten Augusta (Bru Håki) og islandshesten Genja. Om sommaren leiger vi ut beiteplass og tenker på å leige ut på heilårsbasis fra neste år. Vi har ikkje ridebane, men benytter oss av mange fine turmuligheter både i terreng og på sætreveier.



Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Lone Helen | Svar 27.08.2014 17.38

Neste sommar vil vi gjerne ha med fleire, der er god plass!

Hildegunn | Svar 23.08.2014 23.38

Fint at du ville dele denne opplevelsen med oss andre, Lone, ser ut som en flott kløvtur!

Lone | Svar 28.12.2010 18.23

Vintertur -09 med fjordingane Bjørkrosa og Stjerna. Kaldblodsen Augusta på beite. Fleire bilder kjem

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

09.06 | 10:39

Hei :)
sjå meir info om Stall Bjørstad her http://www.stallbjorstad.no/

mvh
Lone

...
07.06 | 15:14

Hei

Arrangerer dere rideturer? Dagsturer?

...
25.08 | 08:51

Fine bilder - GRATULERER så mye med 2.plassen!

...
27.08 | 17:38

Neste sommar vil vi gjerne ha med fleire, der er god plass!

...
Du liker denne siden