Ponny-dag på Vatne Travpark
2010
Laurdag 27. november arrangerte Ponnykøyreklubben aktivitetsdag på travbana i Vatnedalen. Ponnykøyreklubben er ei undergruppe i Sunnmøre Travlag. Som eit ledd i samarbeidet med travlaget vart Nordre Sunnmøre Fjordhestlag invitert til å hjelpe til med barneriding, og køyring med hest og slede.
Fire av medlemmane våre stilte då opp. Tove og Torfinn med Ikaros og Nytunsblakken var med på barneridinga. Nils Nedrevold, eigar av Stall Nedrevold på Vatne, og Gro Devold, køyrde slede med Stasmay. I tillegg til desse tre fjordingane var der også islandshestar og shettisar.
Sjølv om gradestokken kraup ned mot minus 10 grader, var interressa for arrangementet heilt overveldande. Dei hadde på førehand laga til 65 julepakkar til dei minste deltakarane. Det vart dessverre ca 20 for lite. Til saman var opp mot 200 personar innom trass bitande kulde, men klubbhuset var godt og varmt, og der var salg av mat og drikke.
Med ei sånn interresse vil ein prøve å la dette bli eit årleg arrangement.
Til sommaren, den 18. juni, skal Sunnmøre Travlag arrangere travløp på bana si. I den samanheng vil Ponnykøyreklubben og Nordre Sunnmøre Fjordhestlag prøve å få til eit nytt arrangement ilag. Der vil ponnytrav vere ein "høydare" i tillegg til barneriding og køyring med hest og vogn. Dette ser vi fram til.