 |
 |
|
 |
 |
NM 1994
I 1994 vart fjordhest-NM arrangert på Sunnmøre for første gong. Hovedansvarleg var Ålesund rideklubb, i samarbeid med Møre og Romsdal Fjordhestlag. Laget vårt var ein viktig medspelar under arrangementet som gjekk føre seg på anlegget til ÅRK på Lerstad, og var svært vellukka.
50-års jubileum
Laurdag 11.februar 1995 markerte Nordre Sunnmøre Fjordhestlag sitt 50-års jubileum med ein festleg kveld på Fjellstova på Ørskogfjellet. Laget hadde då ca. 40 aktive medlemmar.
Styret i jubileumsåret var: Arne Jan Sollied, Ørskog (formann) Oddmund Urke, Skodje (nestformann) Ellen Karin Tjervåg, Valldal (styremedl.) Eivind Vestre, Ørskog (styremedl.) Trygve Orheim, Vatne (styremedl.)
Hest til Ytste Skotet
27. juni 1995 gjekk Arne Jan Sollied og Oddmund Urke med fjordhesthoppa Anne, opp frå Ramstaddalen over fjellet til Ytste Skotet, som dei første i moderne tid. Med på turen var også Ingvild Hansen. Ho var leiar i prosjektet "barn, unge og museum" på fjellgarden Ytste Skotet. Prosjektet ønska seg ein fjordhest, og valget fall på Anne, eigd av Prestemarka Produkt på Skodje. Spenninga var stor når dei kom opp på Brekka, ca 800 m.o.h., og skulle gå over 2 store snøbrear. Frykta var heldigvis grunnlaus. Dei kom trygt ned til fjellgarden etter ein tur på ca 3 timar. Etter nokre veker på Ytste Skotet fann Anne ut at ho ville bli med nokre kalvar vekk frå garden. Den turen enda med at ho gjekk seg fast i ei fe-rist på bilvegen i Ramstaddalen. Der vart ho så skada at ho dessverre måtte avlivast.
Den Store Hesteferda
Hausten 2004 var fire medlemmar med hest frå laget vårt, med på innspeling av filmen "Den Store Hesteferda", som Oddgeir Bruaset frå NRK Møre og Romsdal laga. Hendinga skulle gjenskape ei handelsferd med hest over fjellet frå Nordfjord til Romsdal, slik dei gjorde på 1850-talet. Filmen vart vist på NRK Fjernsyn i romjula same året. Sjå meir om dette i fotoalbumet.
|
|
 |