Om laget


Nordre Sunnmøre Fjordhestlag har opna heimeside for å auke muligheitene til å samle hestefolket, og samtidig få ei enda større interesse for fjordhest og hestesport på Nordre Sunnmøre.
 Vi trur det kan vere enda kjekkare å halde på med hest om vi dannar eit fellesskap og held litt kontakt med kvarandre.
 
Nye medlemmar er alltid velkomne, sjå linken:
http://www.nordresunnmorefjordhestlag.com/40903425



Vi ønsker

Med dykkar hjelp ønsker vi å halde denne heimesida open og oppdatert, og vi vil gjerne ha tilbakemeldingar og innspel. Bruk då gjerne vår kontaktside, eller epost:
post@nordresunnmorefjordhestlag.com  



Vi oppfordrar også medlemmar og brukarar av sida til å komme med forslag og idéar om aktivitetar. Det kan vere  kurs, fellesturar, aktivitetsdagar eller andre ting. Ta kontakt med vår aktivitetsleiar Lone Barlindhaug, e-post: lonehelen@hotmail.com
  eller tlf 90 16 58 77.







Samarbeid med travlaget
 
Vi er no godt igang i samarbeidet med Sunnmøre Travlag på Vatne.
Målet med samarbeidet er å auke aktiviteten rundt det fantastiske anlegget dei har bygd i Vatnedalen.
Ponnytrav er ein trend i tida, og med dette samarbeidet håper vi på ein positiv effekt også for fjordhesten.

 Vi har bygd ei ridebane innanfor travbana, og etter kvart kjem også køyrestiar. I tillegg til dette er der også planar om eit innerspor.

 Vi håper at medlemmane våre vil støtte dette samarbeidet, og gjerne melde seg inn i travlaget.
Vår kontaktperson inn mot travlaget er Torfinn Haaheim.







Litt historikk

Laget vart stifta i 1944, og namnet var Nordre Sunnmøre Hestealslag. Det var ei samanslåing av fleire mindre lag, eitt frå kvar kommune i dette området.
Dessverre mista vi all den nedskrivne historikken til laget då bolighuset til tidlegare formann Olav Hauge på Sjøholt brann ned til grunnen i 1976. Heldigvis kom ingen fysisk til skade i denne brannen.

Seinare på åtti-talet vart namnet endra til Nordre Sunnmøre Fjordhestlag. Det strekkjer seg over kommunane Norddal, Stranda, Stordal, Ørskog, Skodje, Haram, Giske, Ålesund og Sula.

Dei siste lagshingstane vi har hatt er Ljosen, Plutjo, Fjellmann, Kvernbu og Luntor Vital. På bildet er Arne Jan Sollied og Luntor Vital.






Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

09.06 | 10:39

Hei :)
sjå meir info om Stall Bjørstad her http://www.stallbjorstad.no/

mvh
Lone

...
07.06 | 15:14

Hei

Arrangerer dere rideturer? Dagsturer?

...
25.08 | 08:51

Fine bilder - GRATULERER så mye med 2.plassen!

...
27.08 | 17:38

Neste sommar vil vi gjerne ha med fleire, der er god plass!

...
Du liker denne siden